Berg blir fast i direktoerjobben 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
AKSJEKJØP: Adm. dir. Håkon André Berg har tru på Salmon Evolution-aksjen, og har onsdag kjøpt aksjar for vel 193.000 kroner. Det sender kursen opp. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børshopp etter ny partnar og innsidehandel

Toppsjefane hamstrar aksjar, og Salmon Evolution-kursen stig.

13.10.2021

Onsdag vart det kjent at det internasjonale konsernet Cargill går inn som partnar i Salmon Evolution.

I tillegg kjøper Cargill aksjar for 42 millionar kroner gjennom ein retta emisjon.

Nyheita sender børskursen opp over sju prosent onsdag.

Rundt klokka 13:40 vert aksjen handla til 8,10 kroner, noko som prisar heile selskapet til 2,47 milliardar kroner.

Kurshopp
Nyheita om Cargill-samarbeidet sende først kursen opp tre-fire prosent, men den siste kursauken kjem etter at det også vart kjent at primærinnsidarane Håkon André Berg og Trond Håkon Schaug-Pettersen kjøper aksjar i selskapet.

Håkon André Berg er adm. dir. i Samon Evolution, og kjøpte onsdag 24,925 aksjar gjennom sitt heileigde selskap Carried Awaya AS.

Kjøpet vart gjort til ein snittpris på 7.7679 kroner aksjen, totalt vel 193.000 kroner.

Etter handelen har Håkon André Berg 185,000 aksjar, i tillegg til at han har 3,450,000 aksjeopsjonar.

Handla gjorde også finansdirektør Trond Håkon Schaug-Pettersen onsdag.

Schaug-Pettersen kjøpte 23,334 aksjar til ein snittkurs på 7.8081 kroner, noko som utgjer vel 182.000 kroner. I tillegg har han 2,775,000 aksjeopsjonar.

Publisert: 13.10.2021 13:45

Sist oppdatert: 13.10.2021 14:04

Mer om