Salmon
INDRE HARØY: Oppdrettsanlegget på Indre Harøy tek form. Planlagt oppstart av produksjonen er mars neste år. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Stor aktør inn i Salmon Evolution

Kjøper aksjar for 42 millionar kroner og vert strategisk partnar.

13.10.2021

Salmon Evolution ASA opplyser i ei børsmelding onsdag at selskapet har inngått strategisk partnarskap med storkonsernet Cargill, som har 155.000 tilsette fordelt i 70 land.

Cargill skal levere alt fôret til det landbaserte oppdrettsanlegget på Indre Harøy, eit anlegg som er forventa å vere i produksjon i løpet av mars neste år.

Fullt utbygd er det forventa at det årleg skal produserast 31.500 tonn laks i anlegget.

Cargill skal også bistå Salmon Evolution med forsking og utvikling rundt berekraftige fôringsløysingar, i tillegg til å bistå for å oppnå høg biologisk utnytting og førsteklasses kvalitet.

2,2 milliardar
Samstundes har Cargill kjøpt Salmon Evolution-aksjar for 5 millionar US dollar gjennom ein retta emisjon.

Kjøpet vart gjort til kurs 7,71 kroner aksjen, medan kursen tysdag slutta på 7,50 kroner aksjen. Det prisar heile selskapet til vel 2,2 milliardar kroner.

Midlane skal brukast til generelle selskapsformål, inkludert å undersøke nye ekspansjonsmulegheiter og styrke Salmon Evolution som leiande innan landbasert oppdrett.

Konsernsjef Håkon André Berg seier i ei børsmelding at selskapet har funne ein ideell partnar.

Publisert: 13.10.2021 08:22

Sist oppdatert: 13.10.2021 09:01

Mer om