Harald Nordal Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
STOR MILEPÆL: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug (t.v) seier fullrekruttering til medisinsk studie er ein stor milepæl for selskapet. Til venstre styreleiar og medeigar Harald Nordal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har alle forsøkspersonane på plass

– Ein stor milepæl, seier Arctic Bioscience-sjefen. Skal ha testresultat klare i sommar.

17.01.2024

Arctic Bioscience har fått rekruttert alle dei 519 pasientane selskapet treng for å gjennomføre ein internasjonal medisinsk studie av sitt potensielle legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Det skriv selskapet i ei børsmelding onsdag.

Middelet som Arctic Bioscience har utvikla, er basert på silderogn. Målet er å få det godkjent som legemiddel.

Studien som no pågår i fem land; Storbritannia, Tyskland, Polen, Finland og Norge, er eit viktig steg på vegen fram mot godkjenning.

Tidlegare medisinske testar i Noreg har vist positive resultat, men middelet må gjennom to større og internasjonale studiar på vegen fram mot å bli godkjent som legemiddel. Det er den første at desse studiane som no er i gang.

Svar til sommaren
Dei første svara frå den medisinske studien som pågår no vil vere klare når alle pasientane har vore behandla i seks månadar, i midten av 2024, ifølgje børsmeldinga.

– Ein stor milepæl, seier dagleg leiar Christer Valderhaug i Arctic Bioscience om at selskapet no har fått rekruttert alle pasientane det treng til studien.

Kapital frå Nordvestlandet
Arctic Bioscence har adresse i Hovdebygda i Ørsta, er børsnotert og har ei rekkje investorar frå Nordvestlande på eigarsida.

Halsebakkfamilien investeringsselskap Ronja Capital er største eigar med 12,17 prosent av aksjane. Styreleier Harald Nordal i Ulsteinvik eig 6,09 prosent gjennom sitt selskap Capra Invest og Møre og Romsdal fylkeskommune eig 5,18 prosent gjennom MRFK Holding.

På eigarsida er også Vartdal Plast-eigarane, dei tidlegare Optimarmedeigarane Asbjørn Solevågseide, Peder Stette og Frode Håkon Kjølås, fiskebåtreiarlaga Eros og Strand Fiskeriselskap og Jan Remmereit.

Publisert: 17.01.2024 09:46

Sist oppdatert: 17.01.2024 10:31

Mer om