IMG 7053 1
REKRUTTERINGSUTFORDRING: Frå venstre, HR-sjef Elise Gjermundrød i Fiskerstrand Verft, rådgivar Målfrid Nesje i Møre og Romsdal fylkeskommune og dagleg leiar Dag Vikestrand i Fiskerstrand Verft. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Har fleire lærlingplassar enn lærlingar

Fiskerstrand-sjefen fleipar med at han må starte rekrutteringa i barnehagen. Men det ligg eit alvor bak.

03.11.2025

Møre og Romsdal har eit overskot av lærlingplassar i verft og maritim utstyrsindustri. Problemet er å få nok unge til å fylle læreplassane.

Måndag er rekruttering tema på ein konferanse i Ålesund i regi av Vestlandsrådet, i samarbeid med Maritimt Forum Nordvest og Opplæringskontoret for tekniske fag Sunnmøre.

Kort fortalt: Bedriftene i verftsbransjen og maritim utstyrsindustri treng flere folk.

Negativ befolkningsprognose
Maritimt Forum-sjef Fride Solbakken seier til Nett No at det er fleire faktorar bak rekrutteringsutfordringa både for industri og reiarlag:

  • Mange sjøfolk nærmar seg pensjonsalderen.
  • Sjøforsvaret rustar opp. Det betyr både bygge- og vedlikehaldsoppdrag.
  • Elevkulla krympar. Møre og Romsdal fylke anslår at det blir omlag 1700 færre elevar i vidaregåande skule i fylket i 2040 enn i dag. 

Krevande å rekruttere
No er skipsverfta inne i ei periode med høg aktivitet og det er krevande å rekruttere fagfolk, seier dagleg leiar Dag Vikestrand i Fiskerstrand Verft til Nett No. 

Han representerte skipsbyggarane blant innleiarane på konferansen. Fiskerstrand Verft satsar på lærlingar, og har kontakt med skuleverket allereie frå elevane går i 5. klasse på barneskulen.

Men det er kanskje ikkje nok. Kanskje bør dei starte allereie på barnehagen, fleipa han.

Publisert: 03.11.2025 13:50

Sist oppdatert: 03.11.2025 18:33

Mer om