Har forska på det perfekte ringnotkastet
Sintef-forskarar med ny metode som skal hjelpe skipperane.
Forskarar ved Sintef har utvikla metoder for å gi råd og implementert råda i verktøy som kan brukast om bord i fartøy som fiskar med ringnot.
– Vi har laga eit grafisk brukerstøttesystem som skal hjelpe til å få ei oversikt over situasjonen og å ta dei rette beslutningane.
- Dette kan hjelpe ferske kapteinar med infoen dei treng, men kan også vere nyttig for dei erfarne ved å senke stressnivået og gjere det enklare å ta dei rette vala, seier forskar Joakim Haugen i Sintef Ocean.
Kvart kast er viktig
I ein artikkel presentert på Forskning.no vert det vist til at ei vanleg ringnot gjerne er 800–900 meter lang og kan setjast med ein diameter på 140–150 meter.
Det er dermed ei komplisert innretning å manøvrere, men der kvart kast er viktig, og der ein kan få fleire hundre tonn fisk, eller bomme.
I dag står og fell det meste på kor dyktig og erfaren skipperen er. I det nye verktøyet får skipperen råd av systemet basert på informasjon om straumen i havet, korleis stimen bevegar seg, hastigheit og djupne.
Ope tilgjengeleg
Metoden er basert på kybernetikk, læra om styremekanismer og styringsproblem.
Forskning.no opplyser at systemet er tilgjengeleg som open kjeldekode, slik at den som vil kan ta det i bruk eller vidareutvikle det som eit kommersielt produkt.
Systemet er laga slik at det kan tilpassast ringnøter i ulike størrelsar og monterast på forskjellige fartøy.
Publisert: 29.09.2022 16:01
Sist oppdatert: 29.09.2022 16:04