Aud Kindervåg Halsne Plussreiser foto Ogne
ISRAEL: Plussreiser i Ålesund har Israel som eit stort reisemål. Aud Kindervåg Halsne er dagleg leiar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har fått alle heim

113 reisande med Plussreiser er ute av Israel.

12.10.2023

NPK-NTB/NETT NO: Alle dei 113 personane som har reist med byrået Plussreiser, har no komne heim til Noreg frå Israel.

– Vi har fått alle heim, og kan med det setje eit punktum for ein krevjande situasjon for mange av gjestene våre, fortel Aud Kindervåg Halsne, dagleg leiar i Plussreiser i ei pressemelding.

To grupper kom heim med rutefly. Det eine landa i Noreg eit døgn etter planlagd heimreisedato, medan det andre to dagar etter planen. Dei andre av kundane deira kom heim med Norwegian frå Ben Gurion-flyplassen i Tel Aviv som landa på Oslo lufthamn Gardermoen i natt.

50 blei att
Hamas gjekk til angrep på Israel laurdag 7. oktober.

Søndag fekk selskapet 21 av sine reisande ut av Israel, og måndag morgon sette 42 personar til seg på eit fly ut av landet.

No har også dei 50 siste kome til Noreg.

Indremisjonen stor aksjonær
Plussreiser er eigd av Indremisjonsforbundet Sunnmøre og fleire liknande organisasjonar, gjennom selskapet Plussreiser Holding.

Selskapet er resultatet av ei samanslåing av SI Reiser på Sunnmøre, Sabra Fokusreiser og Ravinala, som alle arbeidde inn mot marknaden for kristne temareiser, med mellom andre Israel som eit populært reisemål.

Publisert: 12.10.2023 14:47

Sist oppdatert: 12.10.2023 14:47

Mer om