Rekordår etter korona
Held på dei tilsette, fekk kundane kjapt tilbake.
Etter to år på sparebluss under koronapandemien fekk reisearrangøren Plussreiser i Ålesund eit rekordår i 2022, målt i driftsinntekt (sjå tabell).
At styret tok sjansen på å la vere å seie opp tilsette og ikkje valde omfattande permitteringar er mykje av forklaringa på at Plussreiser fekk eit så kraftig oppsving straks pandemien var omme, etter dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne si vurdering.
I løpet av 2020 og 2021 var dei tilsette permittert i gjennomsnitt tilsaman tre månadar, i hovudsak i to periodar, våren 2020 og våren 2021. Når det var lite å gjere var støtteordningar for kompetanseheving for tilsette med på å gjere at Plussreiser kunne ha tilsette i arbeid.
Kontakt med kundane
Når det var lette i smittevernrestriksjonane hadde Plussreiser tilbod, om enn berre dagsturar.
- Vi har heile tida halde kontakt med kundane. Når det var ei opning, var vi der, seier Kindervåg Halsne.
Den kundekontakta meiner ho betalte seg straks pandemirestriksjonane var over.
Haustsesongen er tradisjonelt høgsesong for Plussreiser, som først mot slutten av året såg at inntektene ville blir rekordhøge i fjor. I år budsjetterer selskapet med nesten like høge inntekter som i fjor.
Indremisjon
Plussreiser er eigd av Indremisjonsforbundet Sunnmøre og fleire liknande organisasjonar, gjennom selskapet Plussreiser Holding.
Selskapet er resultatet av ei samanslåing av SI Reiser på Sunnmøre, Sabra Fokusreiser og Ravinala, som alle arbeidde inn mot marknaden for kristne temareiser, med mellom andre Israel som eit populært reisemål.
I dag har sysselset selskapet 10 personar - dei fleste i Ålesund - mot 15 før pandemien. Bemanningsreduksjonen skuldast ein kombinasjon av at tilsette slutta for å ta utdanning, eller framskunda pensjonering.
Plussreiser as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 87,8 | 18,3 |
Driftsresultat | 1,9 | -0,02 |
Resultat før skatt | 1,9 | -0,1 |
Publisert: 30.05.2023 12:09
Sist oppdatert: 30.05.2023 12:11