– Har hatt eit kjempeår
Ålesund-selskapet Tempra trimma kostnadene og fleirdobla overskotet i fjor.
Tempra på Blindheim leverer kulde- og varmepumpeanlegg til butikkar, industri, næringsbygg og offentlege institusjonar. Takka vere at bedrifta har fleire bein å stå på, enda fjoråret godt, viser rekneskapen som nyleg blei gjort offentleg.
Omsetninga heldt seg oppe på rekordnivå og samtidig blei overskotet fleirdobla samanlikna med året i forvegen (sjå tabell under).
2021 ser også «veldig bra» ut
Dagleg leiar Øyvind Skulstad fortel at dei uavhengig av koronapandemien var i gong med å kutte kostnadene og at dei ser fruktene av dette arbeidet.
– Vi har hatt eit kjempeår og sjølv om vi ikkje kjem til å vekse inn i skyene, ser også 2021 veldig bra ut. Dei same trendane gjer seg gjeldande som i fjor, fortel Skulstad til NETT NO.
Kort om Tempra
Selskapet ble starta av Harald Skulstad som Kulde & Elektromekaniske i 1987.
Flytte til noverande lokaler på Blindheim i Ålesund i 1994.
Endra namn til Kulde & Elektro i 2004, før selskapet blei til Tempra i 2017.
Trendane den daglege leiaren snakkar om, er godt driv i daglegvare og fiskerieksport - og sistnemnde bidreg til trykk på marknaden for konteinarservice.
Storkjøkken og restaurant hadde ikkje overraskande nedgang i fjor.
– Sal og utleige av konteinerar har blitt eit tredje bein for oss med fin organisk vekst, og som går veldig bra, legg Skulstad til.
Det gode resultatet gjorde at eigarane også tok utbytte på tre millionar kroner. Eigenkapitalen er framleis solide 8,7 millionar.
Sjølv om vi ikkje kjem til å vekse inn i skyene, ser også 2021 veldig bra ut
Tempra AS | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 46,9 | 48,9 |
Driftsresultat | 5,4 | 1,3 |
Res. før skatt | 5,3 | 1 |
Meir digitalt og færre kundebesøk
Koronapandemien har skapt utfordringar med å gjennomføre kundebesøk som vanleg for kuldebedrifta.
Skulstad fortel at det har gått greitt for deira del å omstille seg, og at dei har investert i utstyr og webkamera til dei tilsette. Samla sett har det ført til at kostnadene for reising har gått ned.
– Vi er blitt meir smartare med korleis vi jobbar, og noko av spørsmålet blir om kundane framleis vil vente å få like mykje besøk etter pandemien. Sjølv opplever vi få til god kontakt også via Teams-møter, seier han.
Treng fleire tilsette
Tempra er per i dag 24 tilsette og bedrifta har i tillegg nokre folk innleigd til prosjektarbeid.
– Dei tilsette har gjort ein fantastisk innsats og er hovudårsaka til suksessen, påpeiker Skulstad.
Han legg til at det framleis er mangel på kvalifisert arbeidskraft i bransjen,, og at dei helst vil tilsette to nye kuldemontørar så raskt som råd.
Har trua på Borgund-linje
NETT NO omtala i fjor korleis Tempra-sjefen var skuffa over at den vidaregåande linja for varme- og pumpeteknologi i Haram blei lagt ned. I etterkant er det oppretta eit tilsvarande tilbod ved Borgund vidaregåande, som Skulstad har trua på.
– Eg trur det kan vere enklare å få fleire sterke elevar til å søke seg dit, og at kampen om plassane vil vere større ved ein meir sentral og større skule, fortel han.
Bedrifta har nettopp teke i mot ein lærling og til sommaren ser Skulstad fram til å ta i mot ein til.
Publisert: 15.04.2021 05:55
Sist oppdatert: 14.04.2021 22:54