Marianne Sivertsen Naess Fiskebatarsmote 2025 foto Ogne
IKKJE FERDIG MED KRIKKSTRID: Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har ikkje svar om krill-strid

Fiskeriministeren: Arbeider med saka.

10.03.2025

I starten av august 2024 stilte bransjeorganisasjonen Fiskebåt spørsmål spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet om Fiskeridirektoratet si godkjenning av eigarendringa i Aker Biomarine. 

Det skjedde etter at eit fond sett opp av det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, blei majoritetseigar i Aker Qrill Company - eit selskap skilt ut frå Aker Biomarine. 

I eit skriftleg spørsmål spør stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss korleis ser ho på den aktuelle problematikken kring konsesjonar til krillfiske i Antarktis.

Klinge grunngir spørsmålet med at det etter hennar vurdering neo er slik at "eit utanlandsk-kontrollert selskap i dag er i ferd med å få monopol på utnyttinga av norske krillressursar i Antarktis."

Ho siktar til American Industrial Partner som først vart majoritetseigar i Aker Qrill Company og at Aker Qrill Company har kjøpt skipet som skulle bli Rimfrost sitt nye krillfartøy, for å forleng og utruste det for å fiske på ein av konsesjonanen Aker Qrill Company har, men enno ikkje har tatt i bruk.

Sivertsen Næss viser til at departementet arbeider med saka, og at ho difor førebels ikkje kan svare på kva som blir konklusjonen:

"Det er i fleire saker behov for å undersøkje nærare ikkje berre det formelle eigarskapet i reiarlaga, men også kven som har den reelle makta over selskapet, og kven som finansierer verksemda. Dette kan ofte vere tidkrevjande og komplekse saker.
Det er riktig som representanten peikar på at departementet ser nærare på ei tidlegare godkjend eigarendring i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS, men eg har ikkje trekt konklusjonar enno. Ettersom dette er ei pågåande sak i departementet, kan eg ikkje gje ytterlegare kommentarar.", skriv Sivertsen Næss i svaret. 

Publisert: 10.03.2025 09:23

Sist oppdatert: 10.03.2025 10:53

Mer om