Kristoffer Larsen Rognvik Bjørn åge Hamre Jan Vablum tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKJER: Advokatane Kristoffer Larsen Rognvik (t.v.) og Jan Vablum (t.h.) saman med bustyrar Bjørn Åge Hamre, som har teke ut søksmål mot den tidlegare verftseigaren. Foto Marius Rosbach
Nytt

Har justert ned kravet mot Debeljak

Tidlegare Kleven-eigar har fått konkursbeskyttelse i heimlandet. Saksøkte kritiske til konkursbuet sin framgangsmåte.

Marius Rosbach
09.11.2023

Konkursbuet etter Kleven Verft har justert ned kravet mot den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak i søksmålet som går føre seg i Hordaland tingrett.

Erstatningsbeløpet er sett ned frå 168 til 136 millionar kroner. Det kom fram i påstanden frå konkursbuet i retten onsdag.

Kritisk til storleiken på kravet
Då Karl Rosén starta med sitt innleiingsføredrag på vegner av forsikringsselskapet Tryg, var han kritisk til framgangsmåten til buet.

– Vi opplever at ein saksøkjer med fynd og klem med tunge og krevjande merknader, sa advokaten i retten torsdag.

Han påpeika at det opphavelege kravet var på 193 millionar, før det vart sett ned i sluttinnlegget – og ytterlegare justert ned i påstanden i retten onsdag.

Rosén understreka også at storleiken på kravet allereie i ein lengre periode har påført Debeljak det han omtala som ei unødvendig ulempe.

Eitt av Kroatias største industrikonsern
Debeljak sine advokatar Mari Elisabeth Wetlesen og Daniel Herde gjekk innleiingsvis gjennom bakgrunnen til Debeljak og korleis han har bygd opp industrikonsernet Div Group.

Div Group er eit av dei største industrikonserna i Kroatia, og eig mellom anna Brodosplit som er det største skipsverftet i Kroatia.

Advokatane fortalde korleis Debeljak gjennom dette eigarskapet fleire gonger hadde gått gjennom prosesser med å kutte kostnader og effektivisere drifta.

Har fått konkursbeskyttelse
Herde meiner Div Group-eigaren såg ein «kjempeinteressant moglegheit» i Kleven Verft, som var flinke til å bygge skip.

Samtidig meinte kroaten at verftet var dårlege på kostnadskontroll – og at det var noko Div Group kunne bidra med.

Samtidig kom det fram at det kroatiske konsernet har fått konkursbeskyttelse i heimlandet. Årsaka skal vere at ein bankforbindelse er på Vesten si sanksjonsliste som følgje av Russland sin invasjon av Ukraina.

Meiner det ikkje er grunnlag for kravet
Dei saksøkte sine advokatar avviser grunnlaget for kravet.

Rosén meinte det verken er bevist at Debeljak hadde grunn til å vente reaksjonen som kom frå bankane – med oppseiing av finansieringa, eller at kroaten hadde til hensikt å misleghalde låneavtalane med vilje.

Han understreka også dei dramatiske følgjene ein dom om erstatning kan få for den kroatiske forretningsmannen.

– Har Debeljak opptrådt slik at det er rimeleg og rett at han og familien skal stå i fare for å misse alt, spurte Rosén.

Svaret frå dei saksøkte sin side, er eit klart nei.

Vidare meiner dei saksøkte det verken er grunn til å hevde at Debeljak dreiv uriktig svartmåling av selskapet, at det blei innført einevelde eller at det blei utført utpressing av underleverandørar, slik konkursbuet gjer.

Meiner konsernperspektivet må gjelde
Rosén tok også for seg framstillinga til saksøkjarane si side, der det blir hevda at Debeljak handla bevisst illojalt.

– For å handle illojalt må ein handle etter ein anna interesse, sa advokaten.

Forteljinga frå saksøkjarane si side om at det på den eine sida var Kleven Verft, med Div Group på den andre sida – var på grensa til å forlede retten, meinte han.

Han peika på at Kleven Verft ved oppkjøpet, blei ein del av Div Group-konsernet med base i Kroatia.

– Det er dette konsernperspektivet som må gjelde, meinte Rosén.

Advokaten meinte saksøkjarane heller ikkje har bevist at Debeljak faktisk forstod at bankane ville heve finansieringa etter eit tidlegare omtalt møte den 23. juni 2020.

Det må vere tilfelle for at han skal ha handla illojalt med forsett, understreka advokaten.

Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Tomislav Debeljak (t.h.) er representert i retten ved Deloitte-advokatane Mari Elisabeth Wetlesen og Daniel Herde. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 09.11.2023 10:10

Sist oppdatert: 09.11.2023 18:16

Mer om