Tomislav debeljak div group kleven mars 2020 11
OMSTRIDD SKIP: Tomislav Debeljak under det første besøket ved Kleven-verftet. I bakgrunnen skipet som er utgangspunktet for storleiken på søksmålet frå buet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tidlegare verftseigar avviser alle skuldingar

Meiner han handla i tråd med Kleven-verftet sine interesser og at det ikkje er grunnlag for søksmål.

Marius Rosbach
30.10.2023

Den tidlegare eigaren av Kleven Verft meiner han må frifinnast i samband med søksmålet som buet etter verftskonkursen har anlagt mot ham. Det kjem fram i sluttinnlegget til retten frå advokatane hans.

Tomaslav Debeljak er som kjent saksøkt som følgje av tap konkursbuet meiner verftet blei påført – og at det var den kroatiske forretningsmannen sin oppførsel og handlingar som var den direkte årsaka.

Saka skal opp for Hordaland tingrett 8. til 16. november.

Krev verftseigaren for 168 millionar
Debeljak var eigar og styreleiar i Div Group, som gjekk inn som Kleven-eigarar i mars 2020. Berre månader etterpå gjekk verftsselskapa konkurs som følgje av at bankane kansellerte låneavtalane med verftet.

I sluttinnlegga frå partane kjem det fram at buet vil krevje den tidlegare verftseigaren for 168 millionar kroner. Grunnlaget for kravet er knytt til verdien av eit offshoreskip som var under arbeid – og som aldri blei levert frå verftet.

Dei krev også forsikringsselskapet Tryg, som teikna forsikring om styreansvar for Debeljak, for ei erstatning på opptil 30 millionar kroner.

Buet vil vere representert ved Bergens-advokat Jan Vablum frå firmaet Simonsen Vogt Wiig. Deloitte-advokatane Daniel M. H. Herde og Karl Rosén representerer motparten.

Bjørn Åge Hamre foto Ogne
BUSTYRAR: Bjørn Åge Hamre er bustyrar for Kleven-konkursane. Meir enn tre år etter konkursane, kjem søksmålet mot den tidlegare eigaren opp for retten. Foto: Ogne Øyehaug

Meiner Debeljak handla i strid med aksjelova
Buet skriv at Debeljak på eiga hand reiv ned all tilliten hos bankane. Det gjaldt både i perioden før bankane sa opp avtalane sine – og ikkje minst ved det avgjerande møtet 23. juni 2020.

Det blir hevda at styreleiaren innførte ein form for «eineherredømme» som var i strid med aksjelova. Avgjerslene til Debeljak førte til at «byggeprosjektet ble torpedert», skriv buet mellom anna i sluttinnlegget.

Han skal også ha sørga for at det ikkje blei betalt inn arbeidskapital til verftet, slik avtalen skal ha vore med bankane.

Avviser ansvar for tap
Debeljak og Tryg sine advokatar avviser alle skuldingar – i tillegg til grunnlaget for kravet - i sitt sluttinnlegg i forkant av rettssaka.

For det første meiner dei buet ikkje har vist til brot på aksjelova som grunngir eit ansvar for tapa.

Det blir vist til at Debeljak aktsamt og lojalt utøvde si stilling som styreleiar for verftet, og at det ikkje ligg føre nokon klar og illojal tilsidesetting av verftet sine interesser.

Stiller spørsmål ved gevinsten ved oppdrag
Vidare skriv advokatane at det ikkje ligg føre ei økonomisk tap som kan settast i samanheng med handlingane Debeljak er skulda for.

Dei meiner buet verken har vist at bankane ville stått ved finansieringsavtalene sine om Debeljak hadde opptrådd annleis, eller at verftet faktisk ville klart å levere det omstridde offshoreskipet til kunden.

Det blir også peika på at buet ikkje skal ha vist at det faktisk ville bli ein gevinst ved levering av skipet.

Eit eventuelt tap vil vere for «fjernt, avledet og upåregnelig» til at det kan krevjast erstatta, heiter det vidare i sluttinnlegget.

Til sist blir det hevda at eit økonomisk tap i alle tilfelle er vesentleg overvurdert.

Publisert: 30.10.2023 12:55

Sist oppdatert: 30.10.2023 13:38

Mer om