Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
BERGEN: Tomislav Debeljak under rettssaka i Hordaland tingrett i Bergen onsdag. Foto Marius Rosbach
Nytt

Bankane åtvara Kleven-eigar fleire gonger

Fekk sjansen til å rette opp tilliten under avgjerande møte. I staden skjedde det motsette, ifølgje saksøkarane.

Marius Rosbach
08.11.2023

Onsdag var det klart for første dag i søksmålet som konkursbuet etter Kleven-verftet, har retta mot den tidlegare eigaren Tomislav Debeljak.

Buet krev 168 millionar kroner for tapa til dei tidlegare verftsselskapa. Også forsikringsselskapet Tryg som teikna styreforsikring for Debeljak, er saksøkt for 30 millionar.

Advokaten til saksøkjarane, Jan Vablum, har nytta store delar av innleiingsføredraget sitt onsdag til å trekke dei overordna linjene i saka.

Den kroatiske forretningsmannen overtok som kjent Kleven Verft våren 2020. Og ifølgje Vablum varte det ikkje lenge før det skjedde endringar som saksøkjarane ikkje meiner var til fordel for bedrifta – snarare tvert i mot.

Mellom anna innførte Debeljak ein form for eineherredømme som buet meiner er i strid med aksjelova.

– Denne styreforma var sterk medverkande til at tilliten eroderte, og forsvann, meiner advokaten.

Kristoffer Larsen Rognvik Jan Vablum tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKJER: Konkursbuet er representert ved advokatane Kristoffer Larsen Rognvik og Jan Vablum (t.v.) tingretten Foto Marius Rosbach

Skip under bygging sentralt i saka
Saksøkjarane sin advokat viste innleiingsvis til betydninga til verftet som ei hjørnesteinsbedrift i Ulstein-samfunnet, som en stor arbeidsplass og ei tradisjonsrik historie.

Advokaten viste også til at verftsindustrien er ein bransje med små marginar. Då Debeljak overtok eigarskapen ved Kleven Verft i 2020 hadde verftet eit skip under bygging.

Skroget står heilt sentralt i søksmålet ettersom konkursbuet meiner at verftet gjekk glepp av gevinsten ved å ferdiggjere skipet. Det er grunnlaget for kravet mot den kroatiske forretningsmannen på 168 millionar kroner.

– Hadde dette fartøyet blitt bygget ferdig, ville det totalt sett tilført verftet kring 301 millionar kroner, sa Vablum under sitt innleiingsføredrag.

Etter konkursbuet sin vurdering, ville verftet fått eit overskot frå prosjektet på 178 millionar kroner.

– Starten på slutten for Kleven Verft
Advokaten fortalde at byggeprosjektet på sett og vis vart ei livbøye for verftet. Han understreka at det heile tida var behov for inntekter og at det blei jobba for å skaffe fleire oppdrag.

Vablum gjorde mellom anna greie for korleis verftet var finansiert både gjennom eit byggjelån via Sparebanken Midt-Norge og dåverande GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og eit infrastrukturlån via Nordea.

– Utan denne finansieringa, ville verftet vere illikvid og miste sitt driftsgrunnlag, la advokaten til.

Skroget under bygging som allereie på det tidspunktet hadde ei mangslungen historie, blei aldri levert før verftsselskapa gjekk konkurs.

– Dette blei starten på slutten for Kleven Verft, la advokaten til.

I ettertid blei skipet – som i utgangspunktet var bestilt av eit islandsk reiarlag i 2014 – ferdigstilt av det nye Kleven-selskapet og levert til Rem Offshore hausten 2021.

Skipet Kleven eigaren omtalar som ei heit potet
UNDER BYGGING: Skroget som står sentralt i grunnlaget for kravet frå konkursbuet etter Kleven Verft. Foto: Marius Rosbach

Blei åtvara fleire gonger
Korleis den kroatiske forretningsmannen skjøtte arbeidet som styreleiar i Kleven Verft, og kva konsekvensar det fekk i møte med bankane, står sentralt i søksmålet.

Bankane sin tillit til kroaten skal over tid ha blitt stadig meir tynnslite. Ifølge buet vart Debeljak også åtvara tre gonger skriftleg frå bankane om dette.

I retten leste Vablum mellom anna opp ein e-post frå ein av bankane som blei sendt i midten av mai 2020. Her påpeika banken at Kleven måtte bli drive i tråd med god forretningsskikk – og bad Debeljak spesielt sette seg inn i rolla til styret som eit uavhengig organ. Banken avslutta med å be om ein plan for drifta vidare.

Nokre dagar seinare kom bankane også med ein felles e-post til verftet om at situasjonen ikkje var akseptabel.

– Samtidig ber dei om tilbakemeldingar, som ikkje kom, sa Vablum.

Vablum viste også at innbetalinga av arbeidskapital til verftet på 55 millionar kroner, blei etterlyst fleire gonger.

Advokaten fortalde vidare at det ikkje vart halde styremøte i Kleven-verftet frå midten av mars, då Debeljak overtok, til 22. juni.

– Svartmåla situasjonen
Under eit avgjerande møte 23. juni 2020 skal Debeljak ha fått høve til å gjenreise tilliten. I staden skjedde det motsette, ifølge saksøkjarane sin advokat.

– Det blei fremma tal og påstandar som svartmåla situasjonen på ein slik måte, at det ikkje var nokon veg vidare saman med verftet for bankane, sa Vablum under innleiingsføredraget.

Debeljak skal ha erklært at han forsettleg ville misleghalde avtalen med bankane, at han ikkje ville ferdigstille eit nybygg verftet jobba med – og at Kleven heller ikkje ville bidra til å dekke eventuelle tap som måtte oppstå.

Hevda byggeprosjekt ville gå med tap
Kroaten skal også ha hevda at byggeprosjektet for den omtala PSV-en låg an til å gå med 100 millionar i tap.

– Den faktiske situasjonen var at prosjektet gjekk som planlagt på tid og budsjett, sa Vablum og konkluderte med at Debeljak sine handlingar var klart illojale mot verftet.

Denne oppførselen og erklæringa frå styreleiar, gjorde det klart for bankane at verftet ikkje lengre var kredittverdig, ifølgje Vablum.

Bankane skal på det tidspunktet ha betalt ut kring halvparten av beløpet dei hadde forplikta seg til. Dette skal også ha vore første gongen dei fire bankane som var involvert, møtte den nye styreleiaren.

Publisert: 08.11.2023 11:58

Sist oppdatert: 09.11.2023 18:37

Mer om