
Har kutta over 100 årsverk i fylket
Sjølv etter betydelege reduksjonar må det sparast tresifra millionbeløp i fylkesøkonomien i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylkeskommune er som kjent inne i ein periode med stram økonomi.
Politikarane vedtok tidlegare i år budsjettkutt som svara til kring 55 årsverk, og administrasjonen har jobba med å redusere utgiftene vidare.
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak fortel til Nett No at det så langt er gjort reduksjonar i bemanninga tilsvarande fleire enn 100 årsverk.
– Det er ein pågåande prosess og det er ein del som har fått beskjed om oppseiingar, seier ho.
Det er ein del som har fått beskjed om oppseiingar
Meiner det ikkje er meir å gå på
Kring 50 årsverk er redusert i fag- og stabsfunksjonar. Det er stillingar som i stor grad har vore ved fylkeshuset i Molde, men også i Ålesund og Kristiansund.
– Det er også gjennomført bemanningsreduksjonar i resten av drifta på mellom 50 og 60 årsverk, fortel Hovdenak.
Fylkeskommunedirektøren meiner det ikkje er mogleg, eller forsvarleg med vidare reduksjonar i bemanninga.
– Vi har god støtte i ein fersk rapport som fylkestinget fekk lagt fram. Den viste at vi allereie hadde låg bemanning til administrasjon samanlikna med andre, påpeiker ho.
Må kutte nye 200 millionar
Arbeidet med økonomisk omstilling er likevel ikkje over.
Etter at prognosane har vist stort meirforbruk både på skule og samferdsel, arbeider administrasjonen no med reduksjonar på til saman 200 millionar i det fylkeskommunale budsjettet.
– Vidare omstilling må skje ved endringar i struktur og tenestetilbod, seier Hovdenak.
Både talet på vidaregåande skular, tannklinikkar, ferjeruter og busstilbod kan med andre bli råka av kutta framover.
– Det går utover kvaliteten
På spørsmål om korleis ho vurderer konsekvensane av kutta så langt, seier ho at det er gjort grundige vurderingar undervegs.
– Vi har redusert der det er mogleg å handtere. Men eg har vore tydeleg på at det går utover kvaliteten og omfanget på tilbodet fylkeskommunen kan gi, seier ho.
– Innhaldet i det komande statsbudsjettet vil naturleg nok også ha mykje å seie for kva tiltak det vil vere behov for, legg Hovdenak til.
Publisert: 05.09.2024 05:00
Sist oppdatert: 05.09.2024 09:06