Har lagt milliardinvestering paa is
VIL HA STABILITET: Manglande stabilitet i fiskeripolitikken, der vilkåra kan bli endra med ei ny regjering, skaper uvisse som medverkar til at Lerøy Havfisk og Lerøy Norway Seafood har lagt investeringar for ein milliard kroner på is, fortalde Webjørn Barstad (til høgre) då han og andre leiarar i fiskebåtreiaralaga på Nordvestlandet møtte fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i Ålesund i dag.
Nytt

Har lagt milliardinvestering på is

Lerøy Havfisk og Lerøy Norway Seafoods har i år lagt planar om å bygge ein ny trålar og ein ny fabrikk på is. Grunnen er politisk uvisse og endra fordeling av fiskekvotar.

04.09.2020
Webjørn Barstad, som er leiar for både fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk og fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods, fortalde om investeringsplanane som er stoppa i eit innlegg på medlemsmøtet i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt Vest i Ålesund i dag. Fiskebåt Vest er eit regionlag i Fiskebåt.
Det handlar om ein ny trålar og ein ny fiskeforedlingsfabrikk i Båtsfjord. Til saman er det snakk om ei investering på ein milliard kroner, som ikkje blir noko av inntil vidare.

Politisk uvisse

De er to politiske årsaker som har medverka til at dei to Lerøy-selskapa ikkje investerer no, ifølgje Barstad.
For det første har Stortinget i vår endra på kvotefordelinga, slik at Lerøy Havfisk får ein mindre andel av fiskekvoten. Kor stor reduksjonen blir ervikkje sikkert, men Barstad sa i sitt innlegg at det kan utgjere ein tredjepart av den fangsten det planlagde anlegget i Båtsfjord må ha for å løne seg.
For det andre skaper den manglande semja i fiskeripolitikken ei uvisse om rammevilkåra. Kvotemeldinga som blei vedtatt i vår samla ikkje eit breitt fleirtal. Tvert i mot varsla opposisjonen at eit regjeringsskifta også kan bety endringar i mellom anna kvotepolitikken.

- Vi ventar med å investere i eit usikkert klima, seier Barstad til NETT NO.
Han åtvarar politikarane om konsekvensen av å ikkje samle seg til eit breitt forlik i fiskeripolitikken.
- Det betyr noko kva politikarane seier og det bør politikarane i næringskomiteen reflektere over, seier Barstad til NETT NO.

Må vente

Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten og møtet i dag er første gang ei stor gruppe fiskebåtreiarar på Nordvestlandet fekk møte Odd Emil Ingebrigtsen etter at han blei fiskeri- og sjømatminister i mars i år.
Tidlegare i vår blei kvotemeldinga, som regjeringa har arbeidd med i årevis, omsider behandla og vedtatt i Stortinget. Meldinga avklara imidlertid mellom anna ikkje korleis kvotar som fiskebåtreiarane har fått samla på færre båtar i ei tidsavgrensa periode skal fordelast når den tidsavgrensa perioden går ut.
Dei første tidsavgrensa kvotane skal fordelast om sju år, og fiskeriministeren sa i sitt innlegg på medlemsmøtet at han ikkje kunne seie noko om når fordelinga av dei tidsavgrensa kvotane er klar.
Det kan ta år, mellom anna fordi Stortinget har kravd ei konsekekvensutgreiing.
"Det er derfor ikke mulig å få en endelig avklaring på fordelingen av strukturgevinst i overgangen til et nytt kvotesystem..Dette vil først og fremst føre til at vi de neste årene må bruke tid på å avklare hvordan strukturgevinsten skal fordeles for alle fartøygrupper.", sa fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Den uvissa er også med på å gjere at investeringar blir utsett, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt til NETT NO.
Det betyr noko kva politikarane seier og det bør politikarane i næringskomiteen reflektere over

Publisert: 04.09.2020 13:28

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:50