Har meldt 29 teinebeslag til politiet
FEKK ROS: Trass i stank frå rotnande teiner fekk mannskapet på patruljebåten ros frå lokalbefolkninga for arbeidet då det låg til kai i Ålesund. 
Nytt

Har meldt 29 teinebeslag til politiet

Fiskeridirektoratet aksjonerte på Sunnmøre.

Marius Rosbach
20.06.2019
Ei rekke beslag er meldt til politiet etter at Fiskeridirektoratet har kontrollert teinefiske. Både krabbe-, hummar- og leppefiskteiner vart inndregne då Fiskeridirektoratet hadde kontroll i området ved Ellingsøy, Valderøy, Giske, Godøy og Lepsøy, opplyser direktoratet i ei torsdag.
29 beslag vart meldt til politiet etter at kring 200 teiner var kontrollert. Berre 13 av beslaga hadde kjent gjerningsperson. I tillegg vart det gjeve 30 skriftlege åtvaringar.

Åtte kubikk

Ved hjelp av patruljebåten «Rind» vart det på nokre få dagar plukka åtte sekkar med teinar, blåser og tauverk frå sjøen. Kvar sekk rommar 1000 liter.
– I alt tok vi opp 8000 liter fiskereiskap frå sjøen. Vi tok beslag i 27 teiner av ulik fasong og størrelse, som ikkje var merkte eller ikkje hadde lovleg fluktopning. I tillegg tok vi to lenkjer med til saman 20 leppefiskteiner. Fisket etter leppefisk startar ikkje før 31. juli i dette området, fortel førsteinspektør ved Fiskeridirektoratet sin sjøteneste, Trond Bakken.
Direktoratet samarbeidar også med andre kontrollorgan som Statens naturoppsyn, kystvakta og politiet.

– Meld frå

Førsteinspektør Bakken påpeiker at noko av det som vart teke opp, hadde stått lenge i sjøen og dreve sokalla «spøkelsesfiske».
Direktoratet minnar om at all fiskereiskap i sjøen skal vere merka og at teiner skal ha fluktopningar og rømmingshol.
– Du må også røkte reiskap som står i sjøen. Dersom du mister reiskap – meld frå, er oppmodinga frå direktoratet.

Publisert: 20.06.2019 16:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36