Har seld broennbaat
ULSTEINVIK: Shipsinvest og dagleg leiar Jostein Sætrenes har seld MV Christine til Aquaship.
Nytt

Har seld brønnbåt

Shipsinvest har seld MV Christine til Kristiansund-selskap.

16.01.2019
Det finansielle Ulsteinvik-reiarlaget Shipsinvest har seld brønnbåten MV Christine til Aquaship i Kristiansund.
Dagleg leiar Jostein Sætrenes i Shipsinvest opplyser at båten opphaveleg vart levert frå Sletta Båtbyggeri i 2001.
- Shipsinvest kjøpte båten våren 2015 og båten har siste åra vore utleigd til Intership på ei bareboat-kontrakt. Intership har i same perioden leigd båten ut til Grieg Seafood i Finnmark.
- Kontraktene gjekk ut no ved årsskiftet og vart ikkje fornya. Shipsinvest valde i den samanheng å selje båten, seier Sætrenes.
Aquaship er eit resultat av samanslåinga mellom det norske brønnbåtselskapet GripShip og det Shetland-baserte selskapet Johnson Marine.
Det samanslåtte selskapet har seinare kjøpt opp Artic Ship, og har store vekstplanar.

Har att fem skip

Etter salet av MV Christine no i januar og sal av sine andelar i den ti år gamle ankerhandteraren MV Seacore Grant i slutten av 2018 har Shipsinvest i Ulsteinvik att fem skip.
Selskapet er per dato 100 prosent eigar av brønnbåten Roy Christian, samt er 35,75 prosent eigar av Inter Caledonia. Den siste båten er det venta at Hareid-baserte Intership vil ta over om kort tid.
I tillegg eig Shipsinvest 70 prosent av fleibruksskipet Havila Troll, som er utleigd til Havila Shipping og Equinor, og 25 prosent av offshore konstruksjonsskipet Grand Canyon og 34 prosent av Grand Canyon II, begge under chart av Canyon Offshore.

Publisert: 16.01.2019 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30