Vard
ROMANIA: KV Jan Mayen forlet Vard Tulcea i Romania fredag morgen og skal etter planen kome til Vard Langsten om rundt tre veker. Foto: Forsvarsmateriell
Nytt

Har starta slepet til Tomrefjord

Første skip i milliardkontrakt for Vard er på veg til verftet.

09.08.2021

Fredag starta slepet av kystvaktskipet KV Jan Mayen frå Vard sitt verft i Tulcea i Romania til Vard Langsten i Tomrefjord.

er venta at slepet kjem fram til Tomrefjord i månadsskiftet august/september. Det skriv Teknisk Ukeblad.

Tu.no viser til Forsvarsmateriell på Facebook.

"Dette er en stor dag for Forsvarsmateriell, Vard og Sjøforsvaret. Fartøyene vil tjene det norske folk, Kystvakten, kystnasjonen Norge og det norske forsvar i mange tiår fremover", skriv Forsvarsmateriell.

Tre skip
KV Jan Mayen er 136,4 meter langt og 21,4 meter breidt. Det isforsterka fartøyet vert innreidd for 100 personar.

Vard vann konkurransen med Kleven og Westcon om å byggje dei tre nye kystvaktskipa.

Etter at fartøyet er ferdig utrustet skal KV Jan Mayen etter planen leverast til Forsvarsmateriell i første kvartal 2022, medan KV Bjørnøya skal leverast i første kvartal 2023 og KV Hopen i tredje kvartal same år.

Les meir om kontrakten her.

Publisert: 09.08.2021 19:49

Sist oppdatert: 10.08.2021 12:32

Mer om