Hareid Group Olav Haug Vikebakk
KRAV: Hareid Elektriske - mellom anna ved Hareid Group-sjef Olav Haug Vikebakk - og den danske stål- og utstyrsgrossisten Lemvigh-Müller møtes i retten. Foto: Hareid Group
Nytt

Hareid Group møter storkonsern i retten

Kranglar om 318 fakturaer.

18.09.2023

Den danske stål- og utstyrsgrossisten Lemvigh-Müller krev Hareid Elektriske for 1,9 millionar danske kroner i renter.

Ifølgje sluttinnlegget frå advokatfirmaet Bahr, som representerer Lemvigh-Müller, handlar det om i alt 318 fakturaer. (Eit sluttinnlegg er ei kort oppsummering av krav og kva striden står om, før rettsaka startar).

Det var det danske selskapet HG Electric som var kunden. HG Electric var eigd av Hareide Elektriske, ifølgje databasen proff.dk.

Etter at HG Electric ifølgje sluttinnlegget vart begjært konkurs HG Electric 30. desember i fjor, blei kravet retta mot Hareid Elektriske.

Konkursen blei opna 2. januar 2023, ifølgje Det Centrale Virksomhedsregister i Danmark.

Strid om sjølvskuldarkausjon
Lemvigh-Müller meiner ein sjølvskuldarkausjon gjer at Hareid Elektriske - som er det juridiske namnet på Hareid Group - er pliktig til å betale kravet.

Advokatfirmaet Adviso, som representerer Hareid Elektriske, skriv i sitt sluttinnlegg at kausjonen ikkje lenger var gjeldande etter 31. desember i fjor og at krava frå Lemvigh-Müller kom for seint i høve til kausjonen.

Ein dag i retten
Det er sett av ein dag til saka i Møre og Romsdal tingrett, fredag 29. september.

Konsernsjef Olav Haug Vikebakk i Hareid Group skal avgi partsforklaring. Pia Storgaard Andersen skal vitne via telefon eller video. Ho er senior debitorkoordinator i Lemvigh-Müller.

Publisert: 18.09.2023 14:13

Sist oppdatert: 25.10.2023 11:52

Mer om