Hareid Group hovudkontor Olav Haug Vikebakk innfelt 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
HØG AKTIVITET: Trass utfordringar i kjølvatnet av krig og lakseskatt var det høg fart og eit godt år for Hareid Group. Innfelt, administrerande direktør Olav Haug Vikebakk. Foto: Hareid Group
Nytt

Merkar lakseskatten

Færre oppdrag frå oppdrettsbransjen for Hareid Group.

27.06.2023

Innføringa av grunnrenteskatt på havbruk, som regjeringa presenterte i fjor haust, har allereie hatt store konsekvensar. Vikebakk fortel at Hareid Group i tida framover truleg vil oppleve noko lågare aktivitet i det maritime segmentet, som ein direkte konsekvens av regjeringa sin politikk.

- Då regjeringa meldte om innføringa av lakseskatten blei det nærast full stopp i nye satsingar i frykt for konsekvensane, og i fjor haust var det tilnærma ingen nysigneringar som forskotterte aktivitet. Det er mellom anna det vi ser at slår inn no.

Han fortel vidare at det er underleverandørane til oppdrettsselskapa som merkar størst konsekvensar av lakseskatten. Konsekvensane slo til med ein gong, og har halde fram sidan. Reduksjonen i aktivitet i det maritime segmentet kjem i stor grad av at kundane ikkje har fylt opp ordrebøkene sine.

- Det har mellom anna vore lite konstruksjon av brønnbåtar i det siste, og det vil også påverke oss også i tida framover. Omsetninga vil truleg gå noko ned i ei kortare periode, men vi jobbar på for å halde hjula i gong og alle i aktivitet, seier Vikebakk.

Trass i prognosane om lågare aktivitet på kort sikt, er ikkje Olav Vikebakk bekymra for utviklinga i det maritime segmentet i tida som kjem.

- Det er moglegheiter i fleng i åra framover, og vi ventar vidare vekst i det maritime segmentet, seier han.

- Alt i alt har vi hatt eit bra år. Det seier Olav Haug Vikebakk, administrerande direktør i Hareid Elektriske, også kjent som Hareid Group.

Satsar på solceller
Hareid Group er eit konsern med mange hattar, og dei siste åra har dei teke ein aktiv rolle i satsinga på solceller i regionen.

- Vi har hatt god vekst i solcellesatsinga i vår i løpet av fjoråret, Klar Energy. Der er vi distributør og installatør av solceller frå Solarwatt i Tyskland, fortel Olav Vikebakk.

Han poengterer at marknaden for solceller i regionen framleis er i sin spede begynnelse, og spår at det i åra som kjem vil bli ei stor næring.

- Vi har nok kraftmangel rett rundt hjørnet i dette landet, og vi som energinasjon treng fleire bein å stå på, seier han.

Maritimt vaks mest
Konsernet er ein bauta i næringslivet på Søre Sunnmøre, og driv primært næringsverksemd i tre segment: bygg og anlegg, handel og maritimt. Frå 21 til 22 var det maritime segmentet som vaks mest, medan omsetninga for handel gjekk noko ned. Hareid Group eig og driv fleire Elkjøp-butikkar som franchisetakar.

Samanlikna med 2021 gjekk totalomsetninga noko ned, men det er framleis stor aktivitet, og Hareid Group omset årleg for meir enn ein milliard kroner.

- Valuta, krig og anna har påverka oss som alle andre. Vi kjøper komponentane våre ute, og prisane aukar når krona er svak, fortel Vikebakk til NETT NO.

Hareid Group (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1 020,11 043,0
Driftsresultat46,062,4
Resultat før skatt40,1

55,8

Publisert: 27.06.2023 15:07

Sist oppdatert: 27.06.2023 15:07