Haugesund har meldt seg paa i GIEK kampen
HAUGESUND: I tillegg til den maritime klynga på Nordvestlandet er det førebels Haugesund som har meldt seg til Geir Pollestad (Sp) som er saksordførar for GEIK-forslaget. 
Nytt

Haugesund har meldt seg på i GIEK-kampen

– Eg reknar med at det kjem ein del innspel, seier saksordførar Geir Pollestad, som allereie har hatt sine første møte om GIEK-saka.

Marius Rosbach
09.02.2021
Geir Pollestad (Sp) er mannen som har fått i oppdrag å lose av GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge, gjennom Stortinget.
Rogalendingen som også er leiar av næringskomiteen, vil ikkje sjølv peike på ei geografisk plassering, men legg ikkje skjul på at han ønsker ei desentralisering.
– Eg vil høyre med dei andre partia om det er vilje til finne ei løysing som gjer at GIEK får eit større tyngdepunkt på kysten. Frp har gått i langt i å låse seg til Ålesund og Bergen i sitt forslag. Førebels meiner eg at ein må sjå på ulike modellar, seier Pollestad til NETT NO.

Meiner det finst ulike alternativ

Sp-representanten viser til moglegheitene til å ha større regionkontor, eller hovudkontor ein stad og fagmiljø tilpassa dei ulike næringane, som ulike alternativ.
– Ut frå min ståstad er det iallfall ikkje gitt at GIEK og Eksportkreditt som i stor grad jobbar med eksportbedrifter langs kysten, skal ligge i Groruddalen. Samtidig har tida med koronapandemien vist at det kanskje ikkje er så viktig at alle er samla alltid, seier han.
Komiteen skal levere si innstilling til Stortinget 11. mars, og 22. mars er førebels dato for debatt i stortingssalen.

Har hatt møte med Haugesund-miljø

Engasjementet for å få flytta hovudkontoret til eit nytt og samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge har vore stort på Nordvestlandet.
Pollestad fortel at han førebels har hatt møter om saka med Maritimt Forum Nordvest herifrå – og representantar for det maritime miljøet i Haugesund.
– Dette miljøet frå Rogaland og den maritime klynga på Sunnmøre har meldt seg på, men elles har eg ikkje registrert noko førebels, seier Pollestad.

Høyringsfrist ut veka

Høyringsfristen i saka går ut fredag denne veka. So langt er det kome inn uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune – som er for ei flytting til Ålesund, og frå næringsministeren – som har vore i mot ei slik endring no.
– Eg reknar med at det kjem ein del, seier Pollestad om høyringsrunden.
Det er ikkje til å kome vekk frå at det blir ein diskusjon om lokalisering, men Pollestad seier hans merksemd i første rekke vil vere kva ein kan oppnå for næringslivet med ei plassering langs kysten.

Nybø har peika på Grorruddalen

Næringsminister Iselin Nybø har gitt interimstyret eit mandat om at hovudkontoret skal vere i Groruddalen. Men om Stortinget vedtek noko anna, så må regjeringa halde seg til det, påpeiker Pollestad.
– Då må ein gjere dert som trengst for å få orden på prosessen, legg han til.
Interimstyret jobbar no med samanslåinga av dei to einingane, og har frist til 1. juli med å de nye etaten operativ.

Meir om saka:




Podium:



Bergens Tidende:




Ut frå min ståstad er det iallfall ikkje gitt at GIEK og Eksportkreditt som i stor grad jobbar med eksportbedrifter langs kysten, skal ligge i Groruddalen

Publisert: 09.02.2021 14:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:15