Hav Group-kontrakt til Rieber-skip
Skipa skal byggast i Tyrkia.
Det er Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems (NES) som har fått oppdraget.
Kunden er tyrkiske Cemre Shipyard, som skal bygge to serviceskip for vindkraftanlegg til havs for GC Rieber Shipping i Bergen.
NES skal levere design for heile energisystemet på skipa. I tillegg kjem utstyr; frekvensomformarar og elektriske motorer til framdriftssystemet, batterisystemet, transformatorarane, likestraumm- og vekselstrømsentralane, integrert automasjonssystem, integrert navigasjonssystem og dynamisk posisjoneringssystem.
Kva NES får betalt for jobben er ikkje opplyst, ut over at der er "betydeleg kontrakt", ifølgje børsmeldinga.
Les også
Hav Group vart børsnotert i mars 2021, etter å ha blitt skilt ut frå Havyard Group og etablert som eige selskap.
I tillegg til Norwegian Electric Systems omfattar Hav Group skipsdesignselskapet Hav Design, Norwegian Greentech og Hav Hydrogen.
Norwegian Greentech lagar løysingar for handtering av ballastvatn, Hav Hydrogen teiknar og leverer anlegg for bruk av hydrogen som energiberar for skip.
Ved børsnotering var aksjekursen i Hav Group 15,50 kroner. Før børsopning i dag er den 8,40 kroner. Det er ei tangering av tidlegare botnnoteringar, i desember i 2022 og tidlegare i januar i år.
Publisert: 27.01.2023 08:38
Sist oppdatert: 27.01.2023 08:38