Gunnar Larsen Plany
AUKAR TYRKIA-SATSING: Hav Group-sjef Gunnar Larsen styrkjer konsernet si satsing på den tyrkiske marknaden.
Nytt

Hav Group-selskap til Tyrkia

Etablerer datterselskap i Istanbul.

19.01.2022

Det er Hav Group-selskapet NES som no etablerer eit eige selskap i Tyrkia. NES er ei forkorting for Norwegian Electric Systems.

– Ved å vere plassert like rundt hjørnet frå dei store tyrkiske verfta vil vi
kunne tilby eit enda meir kostnadseffektivt tenestetilbod, som forhåpentlegvis
vil gjere oss til ein enda meir attraktiv leverandør til dei lokale verfta, seier administrerande direktør Geir Larsen i NES i ei børsmelding.

NES teiknar og lagar framdriftssystem og kontrollsystemer for skip og båtar.

Datterselskapet i Tyrkia skal leiast av Mert Ünlüsan. Han har arbeidd i tyrkisk skipsbyggingsindustri i over 15 år og kjem fra leiarstillinga i BMA Technology i Tyrkia.

Publisert: 19.01.2022 09:16

Sist oppdatert: 19.01.2022 09:24

Mer om