I desember 2020 varsla offshorereiarlaget Havila Shipping at det kansellerte avtalen om å leige ut skipet Havila Phoenix til Deep Ocean fram til mai 2023.
Ifølgje børsmeldinga i desember var bakgrunnen for kanselleringa at Deep Ocean planlegg å avvikle den engelske delen av verksemda, som også omfattar selskapet som har avtalen med Havila. Etter at reiarlaget fekk varsel om dette, avslutta Havila Phoenix arbeidet med prosjektet. Sidan har ikkje Havila fått noko meir informasjon om bruk av fartøyet. Difor meinte reiarlaget i Herøy at kontrakten var broten.
No har partane blitt samde om eit oppgjer som set punktum for saka.
Havila Shipping får eit kontantvederlag og tek over eigedomsretten til A-ramme, Trencher og ROVar frå DeepOcean. Det er ikkje opplyst kor stort kontantvederlaget er.

Publisert: 06.01.2021 13:25
Sist oppdatert: 04.05.2021 07:20