20220511 082718
HAVILA CASTOR: Så mange ønsker jobb om bord i Havila Kystruten sine skip at selskapet måtte ta ein pause i rekrutteringa. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Over 600 ville ha jobb på Havila Kystruten

Havila Kystruten fekk så stor respons på sin rekrutteringsseglas at ein til slutt måtte seie stopp.

13.06.2022

- Vi er kjempefornøgde. Det har vore ein utruleg bra respons.

Det seier kommunikasjonsansvarleg Lasse A. Vangstein i Havila Kystruten etter at selskapet inviterte jobbinteresserte til rekrutteringsseglas.

Til slutt vart interessa så stor at ein måtte seie stopp.

"Vi har opplevd en fantastisk respons på vår rekrutteringsseilas. Siden vi har behov for å møte alle aktuelle kandidater på en god måte, ser vi oss nå nødt til å stenge registreringen en tid fremover."

Dette skreiv Havila Kystruten på Facebook måndag.

- God rekrutteringsmåte
Vangstein seier at det ikkje er klart om ein vil starte opp att konseptet.

- No må vi følgje opp dei kandidatane vi har. Eg er sikker på at det er fleire vi kjem til å gå vidare med.

- Men det er heilt klart at responsen viser at dette er ein god måte å nå aktuell arbeidskraft på, der ein kan få kome om bord å sjå korleis skipet ser ut.

Selskapet inviterte aktuelle kandidatar til å kome om bord i Havila Castor, det einaste av skipa som no er i drift etter at Havila Capella framleis er råka av sanksjonar.

Mange ledige stillingar
Havila Kystruten reklamerte med at interesserte for ein ny jobb i Herøy-selskapet kunne kome om bord i Bergen, Kristiansund, Trondheim, Bodø, Tromsø, Honningsvåg og Kirkenes, eller vere med på strekninga Torvik -Ålesund.

Det er til dei to neste skipa Havila Kystruten no har starta med rekrutteringsarbeidet.

- Vi har mange stillingar å fylle på våre to neste skip, både fast tilsette og sesongarbeidarar, til alle avdelingar om bord. Derfor vel vi no å gi dei som er interessert mulegheit til å møte oss om bord på Havila Castor for ein prat, sa HR-direktør Monica Nipen i Havila Kystruten, då tilbodet vart lansert.

Monica nipen havila kystruten foto kjetil 11
REKRUTTERING: HR-direktør Monica Nipen fekk enorm respons på sitt rekrutteringsopplegg. Foto: Kjetil Haanes

22 dagar på - 22 fri
På kvart skip trengst det 60-65 på to skift, slik at totalt skal Havila Kystruten ha rundt 500 seglande tilsette når alle dei fire skipa er i drift, truleg på slutten av året.

Tilsette om bord på Havila Kystrutens skip går på en 1:1-turnus, med 22 dagar om bord, og 22 dagar fri. Selskapet dekker kost og losji om bord, samt reise frå heimplassen til på- og avstigningshamn innan Norge.

Publisert: 13.06.2022 12:49

Sist oppdatert: 13.06.2022 19:44

Mer om