M Iselin Nybø go Fredric Holen Bjørdal first hotel raftevold hornindal Norway 2
LYTTA TIL BJØRDAL: Eit spørsmål frå stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (innfelt til venstre), fekk næringsminister Iselin Nybø (innfelt) til å endre reglerverket for kva hotell som kan får kompensasjon for tapte inntekter under koronaepidemien. Havila Raftevold Hotel på Grodås er eitt av selskapa som får glede av regelendringa.
Nytt

Havila-hjelp frå Iselin Nybø

Næringsdepartementet endrar regelverket slik at Havila-hotell kan få støtte.

08.06.2021

Like før koronakrisa kom i fjor delte Havila Holding hotellselskapa sine i to, i eitt driftselskap og eitt eigedomselskap.

Det skulle vise seg å vere ein transaksjon som gjorde at hotellselskapa ikkje blei omfatta av støttetiltaka som skulle hjelpe reiselivsnæringa gjennom koronakrisa, som starta få månader etter delinga av selskapa.

Vilkåret for å få støtte var mellom anna å kunne vise til eit betydleg inntektsfall, men på grunn av delinga er hotellselskapa rekna som nyskipa selskap, som dermed heller ikkje har noko inntektsfall å vise til.

Utvida ordningar
No er reglane endra, slik at Havila-hotella og andre i tilsvarande situasjon likevel kan få støtte.

No får selskap som har gjennomført ei deling før 1. mars 2020 likevel rett til å søke kompensasjon for inntektsfall baserte på historiske tal, sjølv om selskap formelt sett var nye selskap då koronaepidemien kom.

Konsern kan og søkje om inntektsfall-kompensasjon samla for den norske delen av konsernet, søkje sjølv om konsernselskapa har vore involvert i konserninterne fisjoner 1. mars 2020 eller seinare, skriv næringsminister Iselin Nybø i eit svar til stortingrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap).

Holen Bjørdal tok opp saka i eit skriftleg spørsmål til Nybø tidlegare i år, som lova å vurdere regelendringar. Det er dei endringane som no er komne.

Publisert: 08.06.2021 15:49

Sist oppdatert: 08.06.2021 15:37