Raftevold hornindal innfelt fredric holen bjørdal foto raftevold hotel eilif swensen ap 11
UTANFOR: Ei deling av Raftevold Hotel i eitt drift- og eitt eigedomselskap like før koronakrisa diskvalifiserte hotellet frå koronastøtte. Fredric Holen Bjørdal (innfelt) har teke opp saka i Stortinget. Foto: Raftevold Hotel/Eilif Swensen/Ap
Nytt

Revurderer støttereglar etter spørsmål

Regjeringa revurderer reglane som gjer at mellom andre Havila-hotella ikkje får koronastøtte.

08.04.2021

Før koronakrisa kom i fjor delte Havila Holding hotellselskapa sine i to, i eitt driftselskap og eitt eigedomselskap.

Det skulle vise seg å vere ein transaksjon som gjorde at hotellselskapa ikkje blei omfatta av støttetiltaka som skulle hjelpe reiselivsnæringa gjennom koronakrisa, som starta få månader etter delinga av selskapa.

Vilkåret for å få støtte var mellom anna å kunne vise til eit betydleg inntektsfall, men på grunn av delinga er hotellselskapa rekna som nyskipa selskap, som dermed heller ikkje har noko inntektsfall å vise til.

Samd med Holen Bjørdal
Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) stilte tidlegare i år spørsmål om ordninga var rimeleg.

No har næringsminister Iselin Nybø gitt han svar:

"Holen Bjørdal har rett i at det synest strengt at ein fisjon som er forretningsmessig begrunna og gjennomført før 12.3.2020, til dømes for å avgrense risiko mellom verksemdsområde, skal vere grunn nok til å avskjere eit føretak frå tilskotsordninga når vilkåra elles er oppfylte. Departementet er difor i gong med å vurdere om det er mogleg å gjere endringar i dette regelverket."

Les heile svaret her

- Ikkje kvar veke ein får gjennomslag frå opposisjon, så det er gledeleg. No får vi håpe at endringane dei kjem med vil hjelpe bedrifter som Havila. Eg kjem til å følgje opp med eit spørsmål om kva konkrete endringar regjeringa vil gjere, skriv Holen Bjørdal i ein epost til NETT NO.

Hotella er Raftevold Hotel i Hornindal, Geiranger Hotel i Geiranger, Hotell Ivar Aasen i Ørsta og medeigarskap i Thon Hotel i Fosnavåg.

Publisert: 08.04.2021 10:47

Sist oppdatert: 08.06.2021 15:12