Bent martini dåp i herøy foto Ogne
MEDVIND: Havila Kystruten-sjef Bent Martini. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

USA-ja til Havila Kystruten

Amerikanske investorar kan vere med på refinansieringa av selskapet.

19.05.2023

Eit ja frå amerikanske styresmakter var det siste hinderet Havila Kystruten måtte passere for å få til ei refinansiering som løyser selskapet frå banda til sin opphavlege långivar, det stateigde russiske finansieringsselskapet GTLK.

GTLK er råka av sanksjonane mot Russland på grunn av krigen mot Ukraina.

"Selskapet har nå mottatt lisensen også fra amerikanske myndigheter (OFAC) som sammen med lisensen fra britiske myndigheter (OFSI) er de selskapet har ventet på som grunnlaget for å gjennomføre refinansieringen. Alle lisenser er nå mottatt og finansieringen kan gjennomføres." skriv selskapet i ei børsmelding.

Forseinka start.
Arbeidet med å få dei naudsynte løyva for å kunne refinansiere selskapet har tatt lenger tid enn Havila Kystruten hadde venta. Selskapet skriv i børsmeldinga at det er for kort tid til å gjennomføre ei refinansiering til at til at skipa Havila Pollux og Havila Polaris - dei to siste av fire skip - kan settast i trafikk som planlagt.

No er første avgang utsett til 23. juni for Havila Polaris og 29. juni for Havila Pollux.

Sperra konto
Havila Kystruten si løysing for å fri seg frå banda til GTLK og konsekvensen av dei sanksjonane mot Russland var å refinansiere selskapet og sette pengane til GTLK inn på sperra konto. Der skal dei stå så lenge sanksjonane varer.

Dette opplegget har «High Court of Justice» i London tidlegare sagt ja til, og no har selskapet også fått på plass at løyva som gjer at både britiske og amerikanske investorar kan vere med på refinansieringa.

Kurshopp
Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021. Då var aksjekursen 23 kroner. Tysdag 16. mai fall aksjekursen til ei ny botnnotering, 6,34 kroner aksjen.

Før børsopning i dag ligg det an til kurshopp. Det er kjøparar som har lagt inn bod på 7,50 kroner aksjen og seljarar som vil ha 7,92 kroner aksjen.

Publisert: 19.05.2023 08:14

Sist oppdatert: 19.05.2023 09:02

Mer om