Havila Castor dåp Per Sævik Foto Havila Kystruten 11
PÅFYLL: Havila Holding, med Per Sævik i spissen, skal gå inn med 183,1 millionar kroner i kapitalutvidinga.
Nytt

Havila Kystruten hentar pengar

Vil ha inn mellom 250 og 300 millionar kroner innan få timar.

21.12.2022

Havila Kystruten har leigd inn Arctic Securities, Fearnley Securities og SpareBank 1 Markets for å hente inn mellom 250 og 300 millionar kroner i ny eigenkapital til selskapet.

Målet er å ha fullført kapitalutviding innan klokka 08 torsdag, ifølgje ei børsmelding.

Les børsmelding her

Hovudaksjonær Havila Holding har forplikta seg til å gå inn med 181,3 millionar kroner i kapitalutvidinga. Før kapitalutvidinga eig Havila Holding 60,42 prosent av aksjane i Havila Kystruten. Havila Holding er Sævik-familiens holdingselskap.

Kapitalutviding blir gjennomført som ein såkalla «bookbuilding»-prosess der aksjekursen i kapitalutvidinga er eit resultat av interessa frå investorane.

Onsdag steig aksjekursen i Havila Kystruten 4,6 prosent, til 17,05 kroner aksjen. Den kursen verdset selskapet til 846,5 millionar kroner.

Havila Kystruten varsla tysdag at reiarlaget utset første tur, med sitt tredje av fire fartøy, med over ein månad. Selskapet risikere at styresmaktene pålegg selskapet å betale dagbøter for å ikkje ha skipet klart etter avtalen, ifølgje Finansavisen.

Havila Kystruten seglar gods- og passasjerruta Bergen - Kirkenes saman med Hurtigruten ASA, og får statsstøtte til drifta gjennom ein avtale med staten.

Publisert: 21.12.2022 16:39

Sist oppdatert: 21.12.2022 19:04

Mer om