Havila-konsernet med base i Herøy vurdere fleire plassar rundt om i landet for etablering av nye biogassanlegg.
Det opplyser Vegard Sævik til Nett No.
Han er styreleiar og medeigar i selskapet Havila Biogass Holding der satsinga er organisert via fleire dotterselskap.
– Vi har eitt anlegg i produksjon, eitt under bygging og har fått innvilga Enova-støtte til ytterlegare tre anlegg, fortel Sævik.
Dette er eit viktig satsingsområde for Havila
Vurderer fleire plassar
Det første Havila Biogass-anlegget ligg på Nesset og eit større anlegg er under bygging i Hustadvika.
– I tillegg er vi i prosessar på et antall lokasjoner der vi meiner forholda ligg til rette for å bygge fleire anlegg. Dette er eit viktig satsingsområde for Havila, understrekar Sævik.
Namna på dotterselskapa gir ein peikepinn på kva område konsernet snusar på.
I løpet av fjoråret blei det registrert selskap med namn Havila Biogass Jæren, Havila Biogass Haugalandet, Havila Biogass Trøndelag og Havila Biogass Innlandet.

Har tilført pengar til fleire selskap
Nyleg er det registrert kapitaltilførsel i fem av biogass-selskapa til Havila-konsernet. Kunngjeringa frå Brønnøysundregisteret avslører ikkje dei konkrete beløpa som er skote inn.
– Det er vel ikkje så mye å fortelje, anna enn at det dessverre er ein økonomisk realitet at det kostar pengar å bygge ting, kommenterer Sævik.
Han legg til at meldingane er ei formell registrering av kapital som er tilført over tid. Han vil ikkje gi eit konkret anslag på kor mykje konsernet har satsa i denne marknaden dei siste åra.
Støtte på opptil halvparten av investeringa
I 2023 tok Havila-konsernet for alvor grep i biogass-marknaden ved at dei vart hovudeigar i dåverande Nesset Biogass.
Konsernet har fått støtte til å etablere biogassanlegg både på Nesset og i Hustadvika.
Sistnemnte anlegg blei i fjor innvilga støtte på opptil 35 millionar kroner. Beløpet kan utgjere opptil halvparten av investeringskostnadene, ifølgje kriteria til Enova.
Mellom dei største i landet
Havila Biogass melde seg nyleg også inn i Biogass Norge, ein bransjeorganisasjon for aktørane.
Havila Biogass-direktør Kjell Evensgård fortalde at det var naturleg, ettersom dei er mellom dei største – om ikkje den største aktøren på dette området i Norge.
I tillegg til dei fem første anlegga med ein anslått produksjon på 400 gigawatt-timar (GWh), har konsernet planar som inneberer utbygging av nye 4-500 GWh, opplyste Evensgård.
Ein gigawatt-time skal vere kraft nok til om lag 40 bustadhus.
Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 06.03.2025 14:12
Sist oppdatert: 06.03.2025 14:48