Havila Shipping avtale paa plass
I MÅL: Nesten tre månader etter at refinansieringsavtalen var klar kan administrerande direktør Njål Sævik i dag melde at alle formalitetane er på plass. 
Nytt

Havila Shipping-avtale på plass

Refinansieringa av Havila Shipping er formalisert.

27.11.2020
- No har vi ein avtale som varer ut -24, seier finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Shipping.
I dag var alle formalitetane på plass og refinansieringsavtalen er gjeldande.

Avtalen var klar alt i april, men det har tatt nesten tre månadar å få det formelle i orden.

Avtalen inneber mellom anna at hovudeigar Havila Holding - Sævikfamiliens selskap - går inn med eit konvertibelt likviditetslån på 100 millionar kroner. Lånet kan eller skal konverterast til aksjar for å oppretthalde Sævikfamiliens eigarskap i selskapet.
Havila Holding eig i dag 50,96 prosent av Havila Shipping.
Selskapet har ei samla gjeld på 4,2 milliardar kroner.
Den nye avtalen omtalar i detalj korleis gjelda tilknytt kvart enkelt skip skal handterast.
Sentralt er det at gjelda blir delt inn i to transjer, der den eine på 3,1 milliardar kroner er renteberande og den andre på 1,1 milliardar kroner ikkje er renteberende.
Rente- og avdragsbetaling for skipa vert knytt opp til innteninga. Dersom eit skip ikkje har tilstrekkeleg inntening til å betene gjelda, så vert dette overført til gjelda som ikkje er renteberande.
- Vi har forhandla med bankane i tretten månader, og det er godt å endeleg kome i mål med ein avtale som sikrar at vi kan drive tilnærma normalt dei neste fem åra, sa administrerande direktør Njål Sævik til NETT NO i april i år.

Publisert: 27.11.2020 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59