Arild remø1
VETERAN: Arild Remø har vore pioner i Sævik Supply og særdeles erfaren Chartering Director i Havila Shipping. No sluttar han etter 36 år i Sævik Supply og Havila-systemet. Foto: Torill Myren
Nytt

Havila-veteran i særklasse

Karriera har gitt alt frå trygge dagar på lokalbåten til eksplosjonar i Persiagolfen. No sluttar han etter 36 år i Sævik Supply og Havila-systemet.

Denne artikkelen står også på trykk i Havila nyheitsbrev

Det er eit stykke sjøfarts- og shippinghistorie som går ut døra når Arild Remø går frå kontoret for siste gong fredag 29. april og vert pensjonist. Ingen utanom Sævik-familien sjølv har like lang teneste i reiarlaget og Havila-systemet som han.

Arild Remø sin karriere på sjøen starta som billettør, matros, kaffikokar og alt-muleg-mann om bord i «Valder» som faren hans eigde og dreiv. «Valder» gjekk i rute med folk og varer mellom øyane i ytre Herøy.

Derifrå gjekk vegen til større hav og større reiarlag. Det vart Nordsjøen og Middelhavet med Wilson/Norge Rhin Linjen før han gjekk om bord i Mowinckel-skip som gjekk over heile verda, det var bygging av skip i Japan og Port Captain/ Supercargo på austkysten av USA og i Gearbulk der Mowinckel-reiarlaget var medeigar. Arild har vore med på jordomsegling, besøkt over 70 land og vore i dei fleste hamner, til og med langt opp gjennom Amazonas. Røvarhistoriene er mange.

Skulle eg fortalt, så hadde eg trengt heile dagen, smiler han.

- Men noko av det eg har vore med på er å segle i Persiagolfen under Golfkrigen mellom Iran og Irak i 1979/1980. Vi såg at dei sprengte båtar rundt oss. Der og då tenkte vi ikkje så mykje på det, men det er klart, etterpå …

Sævik Supply og lærlingen Njål
Innimellom dei første åra til sjøs, tok Arild utdanning og skaffa seg papir som kaptein. Gearbulk-reiarlaget freista han etter kvart med å ta over eit av kontora dei skulle opne i USA, men i staden for å verte port administrator i Junaiten enda tilbodet frå Mowinckel/Gearbulk med ei heilt anna historie; 36 års teneste i Sævik Supply og Havila Shipping.

- Eg sende ein e-post til Per (Sævik, red merk) og lurte på om han hadde noko for ein farande fant.

Det hadde Per, og Arild starta som overstyrmann og etter kvart kaptein om bord i Northern Commander. Der segla han saman med fleire, mellom anna ein ung og lovande lærling som heitte Njål (Njål Sævik, dagens adm. dir. i Havila Shipping, red merk).

Arild remø 3 anker
PENSJONIST: Arild Remø har vore med på skikkelege oppturar, men like store nedturar, i offshore. No vert han pensjonist. Foto: Torill Myren

Store endringar
Som kaptein fekk Arild ta ut nybygde Northern Clipper, så vart det byggeoppsyn på verftet i Flekkefjord, på Langstein, Kleven og Havyard Leirvik før nye oppdrag som prosjektleiar på Havila Troll og Havila Harmony før han i 2005 vart Direktør Befrakting og Operasjon.

- Kva har forandra seg sidan då?

- Alt!

Arild fortel om den første tida då det kanskje var berre 10-15 e-postar for dag. No er det ti gongar så mykje. I starten var han åleine, no er dei tre berre på befrakting. Og så har kravet til dokumentasjon auka noko voldsomt.

På desse 36 åra i reiarlaget har Arild vore med på både djupe bølgedalar og store oppturar. Det svingar i offshore og det er kjekt å mimre om gamle Havila Force som var opp i ei døgnrate på 1.625.000 kroner eller Havila Favour som hadde 572.000 i døgnet på eit oppdrag der dei berre låg uverksame samtidig som Equinor ikkje ville vente på dei så dei betalte opp på der igjen og fekk båten i arbeid. Men den bonanzaen, den braklanda.

- For å sitere Per: «Når alle tenkjer likt, er det ikkje mange som tenkjer særleg mykje». Det vart bygd for mykje båtar og marknaden kollapsa. Så, når det var i ferd med å gå seg til igjen, så kom koronaen og ratene gjekk rett ned igjen. Det slit vi med enno, men det ser brukbart ut for våren og sommaren. Eg spår også ein akseptabel haust og vinter og neste år blir det endå betre.

Grasklipping, laksefiske og finsnikring
Men det vert utan at Arild skal skaffe og forhandle kontraktar. Det blir ei ny tid for Havila Shipping og ei ny tid for han sjølv. Som 70-åring skal han bli pensjonist. Heime ventar kona Gerd, tre barn, sju barnebarn og fire oldebarn. Han har også snikkarbu, bubil og ein solid doning på campingplassen på Sæbø i Hjørundfjorden.

- Det er eit engelsk mobile home; fire meter breidt og ti meter langt. Der er hjul på den, men den har aldri gått på hjula sine.

Sidan slutten av 80-talet har Sæbø vore plassen for avkopling – og laksefiske.

- Eg er ikkje av dei galnaste, men det har no vorte ein del fisk. Eg synest det er artig å gå opp i elva og prøve litt av og til.

I snikkarbua heime er det finsnikring som gjeld. Alt frå nissar til stumtjenarar og sminkebord. Og som ikkje dette skulle vere nok å styre med; graset veks også rundt huset til Arild Remø. Og der er mykje areal.

- Ja, eg håper at å køyre grasklipparen er noko eg kan få gjort på dagtid i staden for å bruke kveldar og helgar slik eg har gjort til no.

Og så er det bubilen som ventar. Før om åra har turen gått sørover og austover, men med ein lang pensjonistsommar i vente så blir dette kanskje året for å følgje draumen om å køyre nordover.

Eg sende ein e-post til Per og lurte på om han hadde noko for ein farande fant
Arild Remø

Gullet er mannskap og ærlegheit
Når Arild ser tilbake på 36 år med Sævik Supply og Havila, så ser han store endringar på båtar, drift og mannskap. Kvaliteten aukar på det meste, men av og til tenkjer han at ein har mist noko av haldningane frå den første tida med tilhøyrigheit og ansvarsfølelse for reiarlaget.

- Samtidig må eg seie at gullet til Havila er mannskapet. Vi har gode folk som jobbar godt.

Ei anna endring han har merka seg er frå dei aller første åra då han opplevde fleire som prøvde seg i kontraktsforhandlingane og foreslo både det eine og det andre av bytehandlar og fordelingar under bordet.

- Men det er ærlegheit som varer lengst. Dei fleste avtalane våre no er gjort over telefon – sjølvsagt med oppfølging av signerte dokument i ettertid, men partnarane våre veit at har vi avtalt noko, så står vi for det. Om ikkje ein er til å stole på, så er ein ute av marknaden temmeleg raskt.

Publisert: 27.04.2022 14:40

Sist oppdatert: 28.04.2022 10:41

Mer om