Havvindsatsing gaar saa det susar
GOD BUTIKK: Konsernsjef Eldar Sætre i Equinor har satsa stort på havvind, mellom anna med Hywind-anlegget i Storbritannia. 
Nytt

Havvindsatsing går så det susar

Vindanlegga til Equinor i Storbritannia har solide overskot og ga milliardutbytte. 

Marius Rosbach
05.02.2020
(NPK-NTB): Rekneskapane for Equinors tre vindanlegg på britisk sokkel viser solide overskot for alle i 2018. Dudgeon-eigarane tok ut 7 milliardar i utbytte.
har gått gjennom resultata for dei tre havvindanlegga frå 2018, det siste året med levert rekneskap, og første året med full produksjon frå alle: Sheringham Shoal (starta opp i 2012), Dudgeon (oppstart i oktober 2017) og Hywind (òg 2017).
Resultatet viser at Sheringham Shoal omsette for 1,8 milliardar kroner, med ein driftsmargin på 59 prosent og resultat etter skatt på 673 millionar kroner. Dudgeon omsette for 2,7 milliardar kroner, med ein driftsmargin på 63 prosent og overskot på heile 1 milliard kroner.
Hywind omsette for 315 millionar kroner, noterte driftsmargin på 32 prosent og eit overskot etter skatt på 106 millionar kroner.

God butikk

Konklusjonen er at vindkraft til havs er god butikk. Subsidiar utgjer ein betydeleg del av inntektene. Eigarane av Dudgeon kunne ta ut samla utbytte på heile 7 milliardar kroner.
Talsperson Eskil Eriksen i Equinor vil ikkje kommentere tal i forkant av framlegginga av resultata for 2019 i London torsdag, men selskapet stadfestar at dei tre vindanlegga er sjølvstendige og individuelle aksjeselskap, som leverer fullstendige rekneskap. Til Nationen seier Eriksen at Equinor vil gjere betydelege investeringar i havvindprosjekt i åra framover.
– Empire Wind og Dogger Bank er begge store, industrielle prosjekt som kan forsyne til saman fem millionar husstandar med fornybar energi. Vår brutto del av investeringane i desse prosjekta vil vere opp mot 80 milliardar kroner i perioden fram mot 2026, seier Eriksen.
Torsdag skal Equinor legge fram planar framover, inkludert fornybardirektør Pål Eitrheims mål for havvind.

Subsidiert

Redaktør Anders Bjartnes i Energi og Klima stiller spørsmål ved om rekneskapane Aftenbladet har gjennomgått, avslører at dei britiske skattebetalarane er i overkant rause med subsidiar for å bygge opp havvindsatsinga til Equinor og andre selskap.
Analytikar Tom Harries i Bloomberg meiner tala er gode òg fordi dei speglar at det er lite vedlikehald dei første åra av drifta. Han påpeikar at Equinor satsa på havvind før det vart populært – og dyrt.
– Så dei tok ein risiko, har bygt med suksess og får no betalt, seier Harries.
(©NPK)
Dei tok ein risiko, har bygt med suksess og får no betalt

Publisert: 05.02.2020 12:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52