Bks illustrasjon infelt even matre ellingsen 11
OPPKJØP: Den tidlegare Astrup Fearnley-toppen Even Matre Ellingsen (innfelt) blir ny styreleiar i det samanslåtte selskapet. Foto: BKS
Nytt

Havyard Group med storkjøp og omorganisering

Herøy-selskapet Havyard blir 100 prosent eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Seljarane blir største aksjonærar.

20.05.2022

For 285 millionar kroner overtek Havyard Group alle aksjane HG Holding. Det fører til at Havyard vert 100 prosent eigar av selskapa BKS Holding og Fossberg Kraft.

BKS Holding har 370 tilsette og består av BKS Industri (Sunde), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø) og BKS Power and Automation (Sunde).

Selskapet er store på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester.

Store på småkraftverk
Fossberg Kraft har sidan 2018 satsa stort på kjøp, oppgradering og sal av småkraftverk. Selskapet har no tre småkraftverk undre bygging, og har "offtake"-avtale med det britiske investeringsfondet Downing for kjøp eller overtaking av ferdigstilte kraftverk.

Les heile børsmeldinga her.

I ei børsmelding opplyser Havyard Group at av prisen på 285 millionar kroner vil 25 millionar bli oppgjort som seljarkreditt, medan 15 millionar blir betalt kontant.

Seljarane vert hovudaksjonærar
Resten, 245 millionar kroner, blir oppgjort i form av 47,2 millionar nye aksjar i Havyard Group.

Prisen per akse er sett til 5,19 kroner.

Seljarane vert dermed eigar av rundt 65 prosent av det samanslåtte selskapet.

Dagens eigarar i HG Group/ BKS Holding er Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien.

Frå før var Sævik-selskapet Havila Holding største eigar i Havyard Group med 40,35 prosent av aksjane.

I børsmeldinga blir det opplyst at i forkant av transaksjonen vil Havyard Group overføre 10 millionar av sine aksjar i Hav Group som utbyte til aksjonærane, tilsvarande cirka 0,4035 aksjar i Hav Group for kvar aksje i Havyard.

Ny styreleiar
Samstundes er den tidlegare Astrup Fearnley-toppen Even Matre Ellingsen innstilt som ny styreleiar i det samasnslåtte selskapet.

I ei pressemelding seier han at Havyard har ei sunn økonomisk stilling, er anerkjend og har gode kunderelasjonar.

- Både Havyard og BKS er har kompetanse og erfaring som bidreg til at viktige kundar får endra sin verksemd i ei meir berekraftig retning. Vårt motto er at kundane skal fokusere på sin eigen kjerneverksemd medan vi tar oss av viktig vedlikehald og modifikasjonar, anten det er onshore eller offshore.

Konsernsjef Erik Høyvik i Havyard seier at integreringa av BKS Holding og Fossberg Kraft i Havyard vil gi Havyard nye mulegheiter i nye marknader, og å kunne utnytte synergiar på tvers.

Han opplyser at ein alt er i gang med integreringsprosessen mellom selskapa.

Publisert: 20.05.2022 08:14

Sist oppdatert: 21.10.2022 09:48

Mer om