Bks illustrasjon infelt even matre ellingsen 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPPKJØP: Den tidlegare Astrup Fearnley-toppen Even Matre Ellingsen (innfelt) er ny styreleiar etter at dåverande Havyard Group og gjekk saman . Foto: BKS
Nytt

Havyard skiftar namn

Blir til Eqva.

21.10.2022

I følgje ei børsmelding om namneskiftet kombinerer "«EQ», forbokstavene i ord som «equal», «equity» og «equality» - likhet, eierskap og likeverd, og «VA» utgangspunktet for ordende «variasjon» og «verdi» - ord som reflekterer selskapets strategiske prioriteringer. «VA» bringer også assosiasjon til «Vann». Det er en påminnelse om selskapets stolte historie, og et signal om at selskapets over 100 år med erfaring og kompetanse fra maritim sektor vil være viktig også fremover."

I mai i år overtok Havyard Group - no Eqva - alle aksjane HG Holding for 285 millionar kroner. Det gjorde at Havyard Group vart 100 prosent eigar av selskapa BKS Holding og Fossberg Kraft.

Transaksjonen var også eit skifte av hovudaksjonær. Storparten av kjøpesummen vart betalt med aksjar i Havyard Group.

Det gjorde seljarane Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien til eigarar av 65 prosent av aksjane i det som no er Eqva.

Frå før var Sævik-selskapet Havila Holding største eigar i Havyard Group med 40,35 prosent av aksjane.

BKS Holding har 370 tilsette og består av BKS Industri (Sunde), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø) og BKS Power and Automation (Sunde). Selskapa er store på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester.

Fossberg Kraft har sidan 2018 satsa stort på kjøp, oppgradering og sal av småkraftverk.

Publisert: 21.10.2022 09:31

Sist oppdatert: 21.10.2022 09:48

Mer om