(NPK-NTB): Sentralbanksjef Ida Wolden Bache og Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet held styringsrenta uendra på 4,5 prosent.
Se pressekonferanse i opptak (ekstern lenke)
Noregs Bank seier at dei truleg vil setje ned styringsrenta i løpet av 2025 og antyder ei rente på 4 prosent mot slutten av året.
– Vurderinga til komiteen er at det framleis trengst ein innstrammande pengepolitikk for å få prisveksten ned til målet innan rimeleg tid. Dersom renta blir sett ned for tidleg, kan prisane halde fram med å stige raskt. På den andre sida kan ei for høg rente bremse økonomien meir enn det som er nødvendig for å få prisveksten ned til målet, skriv Noregs Bank i ei pressemelding torsdag.
– I avveginga mellom desse omsyna meiner komiteen det er behov for å halde renta oppe noko lenger enn tidlegare signalisert, skriv dei vidare.
Dei skriv også at prognosen i Pengepolitisk rapport, som vart lagt fram i samband med renteavgjerda, viser at styringsrenta truleg blir på 4 prosent innan utgangen av året, og at ho gradvis blir sett vidare ned dei neste åra.
Saka blir oppdatert
Publisert: 27.03.2025 10:05
Sist oppdatert: 27.03.2025 11:37