Joakim Helland foto Kristin Vidhammer
LANSERING: I månadskiftet august/september lanserer Helland Møbler nye modellar, som medeigar og dagleg leiar Joakim Helland har store forhåpningar til. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Vekst på vent for Helland

Prosjekt på vent var vekstbrems for Helland Møbler i fjor.

15.08.2022

- Marknaden har ikkje auka og vi har ikkje klart å auke marknadsandelen, seier dagleg leiar og medeigar Joakim Helland i Helland Møbler om korleis det gjekk for selskapet i 2021 (sjå tabell).

Han er likevel optimistisk og ventar vekst framover.

Helland Møbler har spesialisert seg på møblar for personar som treng møblar som er lette å sette seg ned i og reise seg opp frå. 70-80 prosent av driftsinntektene kjem får sal til ulike institusjonar, som sjukeheimar og omsorgsbustadar, seier Helland.

Prosjekt opp av skuffa
Den grunnleggande årsaka til Hellands optimisme er det blir fleire eldre framover, og dermed fleire som vil ha behov for slike stolar som Helland Møbler produserer.

På kort sikt er det og fleire positive faktorar, slik Joakim Helland ser det.

Fleire byggeprosjekt under planlegging, som ville gitt etterspørsel etter møblar som Helland Møbler lagar, vart utsett under koronapandemien og på grunn av konsekvensane av krigen i Ukrania. No ventar Helland at fleire prosjekt blir tatt opp av skuffa.

- Vi har veldig mykje gode signal på at det skal opp igjen, seier han.

Nye møblar
I månadsskiftet august/september skal Helland Møbler lansere nye stolar, som Joakim Helland har store forhåpningar til.

Sittekomforten er heva. Dei mest behaglege stolane å sitte Helland Møbler nokon gong har laga, ifølgje Helland.

Noreg er hovudmarknaden, men Sverige har vore vekstmarknaden dei siste åra. I fjor eksporterere Helland Møbler for omlag 25 millionar kroner til Sverige.

Produksjon i Baltikum
I fjor la Helland Møbler ned produksjonen i Brøste Møbler i Romsdalen og flytta produksjonen til datterselskapet sitt i Estland. Brøste Møbler hadde åtte tilsette.

Det var også slutten på selskapet sin produksjon i Noreg. Produksjonen i Stordal blei flytta til Estland i 2015. På hovudkontoret i Stordal er det ti tilsette.

I Estland er det i dag eit industrianlegg på 5000-6000 kvadratmeter med 65 tilsette.

Helseteknologi
Joakim, Runar og Sindre Helland Møbler gjennom selskapet Helland Eiendom, som også er medeigar i helseteknologiselskapet Varda Care i Ålesund.

Varda Care spring ut av helseteknologisatsinga i Helland Møbler, men vart skilde ut som eit eige selskap som også skal levere helseteknologiprodukt til andre.

Helland Møbler as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt81,579,6
Driftsresultat0,14,3
Resultat før skatt-1,01,3

Publisert: 15.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 14.08.2022 19:27

Mer om