Diana Myrstad Meldal Joakim Helland foto Varda Care
KAPITALUTVIDING: Dagleg leiar Diana Myrstad Meldal og medgrunnleggar og medeigar Joakim Helland brukar Folkeinvest-plattformen i den komande kapitalutvidinga i selskapet. Foto: Varda Care
Nytt

Ny emisjon i Varda Care

Skal hente mellom 12 og 16 millionar kroner til å utvikle velferdsteknologi.

01.07.2022

Dagleg leiar Joakim Helland i Helland Møbler og dåverande marknadssjef Geir Østrem starta alt i 2016 å drodle på ideen om å kombinere møblar og teknologi.

Etterkvart dukka temaet opp oftare og oftare.

I 2019 sa dei at dei vurderte å hente inn investorar utanfrå, og 2. januar i 2020 blei satsinga skilt ut i eit eige selskap, Varda Care.

Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, som byggjer møblar som også kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.

Verdsett til 26 millionar
Kapitalutvidinga i 2020 gav selskapet 4,9 millionar kroner i ny eigenkapital. Målet var mellom åtte og ti millionar, men selskapet sa seg likevel fornøgd med resultatet.

(saka held fram under)

I august i år skal Varda Care gå i gang med ei ny offentleg kapitalutviding, gjennom selskapet Folkeinvest. Før kapitalutvidinga skriv selskapet at det er vurdert til å vere verdt 26 millionar kroner.

Målet i den komande emisjonen er å hente inn mellom 12 og 16 millionar kroner i ny eigenkapital.

Pengane skal brukast til kommersialisering av tenester for omsorgsinstitusjonar, vidareutvikle tilbodet til heimetenestene og finansiere drift fram til 2024.

Då reknar Varda Care med å ha ein positiv kontantstraum.

Passere 60 millionar i 2026
I 2026 skal driftsinntektene passere 60 millionar kroner og resultatet før skatt vere omlag 25 millionar, skriv selskapet i investorpresentasjonen på nettsida si.

Folkeinvest har spesialisert seg på å vere ein arena for kapitalutvidingar i mindre og nye bedrifter, og vart mellom anna brukt av Inseanergy i Ålesund då det selskapet henta inn nesten 30 millionar kroner i ei kapitalutviding i tidleg i år.

Varda Care as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt0,30,8
Driftsresultat-6,3-5,1
Resultat før skatt-6,6-5,2

Publisert: 01.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 01.07.2022 00:00

Mer om