Helleland og Hareide utan konkrete lovnader
SVELER MÅ EIN HA: Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) reiste tysdag på ferjetur i Aukra i Møre og Romsdal. Til høgre Dag Olav Tennfjord i Møre og Romsdal Høgre. 
Nytt

Helleland og Hareide utan konkrete lovnader

 Dei ferske statsrådene fekk kaffi og sveler, men lova ingen pengar då dei møtte «ferjeopprørarane».

04.02.2020
(NPK-NTB): Statsrådane som tysdag vitja Aukra kommune, må få ned ferjeprisane for å løysa den betente situasjonen, meiner leiaren i transportkomiteen.
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) reiste tysdag til Møre og Romsdal, der det dei siste vekene har vore omfattande protestar mot auka ferjeprisar.
På kaia på Hollingsholmen, før den korte ferjeturen til øya Gossa, vart dei møtte av stortingsrepresentant Helge Orten (H) frå Møre og Romsdal.

– Eg trur ein må få ned prisane. Me må tilbake til det nivået det var før prisauken. Viss ikkje trur eg dette blir for kostbart, rett og slett, seier han til NTB.
– Det kjem til å gå utover både næringsetablering og pendlarmoglegheitene for folk som bur på øyane, viss ein ikkje får gjort noko med dette.

– Ingen løysingar

På ferja vart dei to ferske ministrane serverte kaffi og sveler. Dagpendlarar og familiar som er avhengige av ferjetilbod, får mange tusen kroner i ekstrautgifter på grunn av auka takstar etter nyttår.
Helleland og Hareide har likevel ikkje nokon konkrete lovnader om økonomisk hjelp med seg på turen.
– Me skal få ei oversikt over situasjonen. Det er nok ingen løysingar me kjem til å seia ja til eller avvisa i dag, seier Hareide til NTB.
Han understrekar, som Helleland gjorde i helga, at det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesferjene.
– Men dersom eg ikkje hadde meint at eg kunne gjera noko, hadde eg nok heller ikkje tatt turen i dag, seier Hareide.

Les også:



To millionar ekstra

Facebook-gruppa Protest mot økte fergetakster Møre og Romsdal har på kort tid fått over 24.000 medlemmer. Også i kystfylke som Nordland og Vestland har folket lokalt protestert mot auka ferjeprisar.
Det er ikkje berre privatpersonar som blir ramma. Også næringslivet får merka dei auka takstane.
Helleland og Hareide vitja tysdag bedrifta Vikenco i Aukra kommune. Sjømatprodusenten vart stifta i 1973, har 180 tilsette og omsette i fjor for 1,6 milliardar kroner. Selskapet har rekna seg fram til at det får 2 millionar kroner i auka ferjekostnader frå 2019 til 2020, frå 6,5 millionar til 8,5 millionar.
– Me aksepterer ei normal prisstiging på 3–4 prosent. Men me aksepterer ikkje at prisane aukar utover dette, sa Vikenco-sjef Per Olav Mevold i møtet med dei to statsrådane.
Han etterlyste òg at Møreaksen blir realisert, noko som vil tyda fastlandssamband for fleire av øysamfunna og færre ferjesamband i fylket.

Fleire årsaker

Det er mange grunnar til at fylkeskommunane har sett opp ferjetakstane.
Ved innføringa av Autopass reiser passasjerar gratis, men bilane blir gitt ein 30 prosent høgare billettpris. Det rammar særleg folk som køyrer åleine i bilen.
I tillegg har fylkeskommunane forklart dei høgare prisane med auka kostnader knytt til overgang til låg- og nullutsleppsferjer.
Opposisjonen på Stortinget har meint at regjeringa har gitt for lite pengar til fylkeskommunane, som i sin tur derfor har vore nøydde til å setja opp prisane. Regjeringa har svart med at det er fylkeskommunane som har ansvaret for ferjetakstane og dessutan vist til at fylka har fått kompensert for overgangen til grønare ferjer.
Sp har foreslått å be regjeringa greia ut ein nasjonal maksimalpris for båt- og ferjebillettar i samband med revidert budsjett. Sp vil òg at staten fullt ut skal kompensera inntektstapet for fylka ved innføring av ei slik ordning.
(©NPK)

Meir om saka:





Analyse

:

Synspunkt:


Det kjem til å gå utover både næringsetablering og pendlarmoglegheitene for folk som bur på øyane, viss ein ikkje får gjort noko med dette

Publisert: 04.02.2020 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52