Christer valderhaug arctic bioscience 11
FABRIKKPLANAR: Illustrasjonen viser korleis Arctic Bioscience såg for seg ein ny fabrikk i Hovdebygda, før bygginga vart lagt på is. No planlegg Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug (innfelt) ei produksjonsline i ekstisterande bygg i staden. Illustrasjon og foto: Arctic Bioscience og Ogne Øyehaug
Nytt

Hentar fram fabrikkplanar

Arctic Bioscience planlegg legemiddelproduksjon i Ørsta.

01.03.2024

I 2020 sa Arctic Bioscience stopp for planen om å sette opp ei nytt bygg for legemiddelproduksjon ved hovudkontoret sitt i Hovdebygda i Ørsta.

Tomta var planert og byggestarten allereie markert då stoppsignalet kom. Stigande kostnadar og uvisse om kostnadsutvikling var grunngjevinga.

No tek selskapet fabrikkplanane fram igjen, men i mindre skala. Det fortel Arctic Bioscience i kvartalsrapporten per 4. kvartal 2023.

Les børsmelding her

Fleire arbeidsplassar
Selskapet planlegg no å bygge produksjonslina i bygget selskapet allereie har i Hovdebygda, i staden for å sette opp eit nytt bygg. Mykje av 2024 vil gå med til å planlegge produkjsonslina, som må tilfredsstille krav til legemiddelprodukjson. Tid for byggestart er ikkje fastsett.

Lukkast selskapet med å få legemiddelgodkjenning for sitt silderognbaserte produkt mot hudsjukdomen psorias, kan det blir utviding og eit nytt bygg seinare.

- Det seier seg sjølv at lukkast vi med psoriasisprosjektet vil det i framtida blir sett opp eit bygg, seier administrerande direktør Christer Valderhaug.

Produksjonslina selskapet planlegg no er meir arbeidskrevjande enn helsekostproduksjonen selskapet driv i dag, og vil gi "betydeleg" fleire arbeidesplassar i Hovdebygda samanlikna med i dag, ifølgje Valderhaug.

Ventar på studie
Arctic Bioscience ventar no på resultata frå ein stor internasjonal studie av middelet selskapet har utvikla mot hudsjukdomen psoriasis.

Dei første resultata frå studien er venta til sommaren. Studien er eit viktig steg på vegen mot å få legemiddelgodkjenning.

Middelet er basert på silderogn, slik også helsekostprodukta frå Arctic Bioscience er.

Eigarskap på Nordvestlandet
Arctic Bioscience vart børsnotert i 2021.

Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II er største eigar (12,17 prosent). Styreleiar Harald Nordal eig 6,09 prosent gjennom selskapet Capra Invest og er nest største eigar.

I tillegg til Halsebakkfamilien og Nordal er det fleire aksjonærar frå Nordvestlandet blant dei 20 største eigarane. Nordvestlendingane blant dei 20 største eig rundt 50 prosent i selskapet.

Arctic Bioscience as

Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt33,834,3
Driftsresultat-48,6-37,4
Resultat etter skatt-45,5-34,0

Publisert: 01.03.2024 09:00

Sist oppdatert: 01.03.2024 09:27

Mer om