Her er den nye Ekornes stilen
EIGNE BEIN: Ekornes sin nye kolleksjon "Stressless You" skal stå på eigne bein, nå nye kundegrupper og gi Ekornes innpass hos nye forhandlarar.
Nytt

Her er den nye Ekornes-stilen

Aluminiumunderstell, gyngestol og ein heilt ny kolleksjon. Ekornes har arbeidd i tre år med sin nye stil.

20.10.2014
- Aldri i historia har Ekornes lansert så mykje nytt på ein gong, seier produktutviklingsdirektør Arve Ekornes i Ekornes ASA.
Møbelkonsernet har teke sjølvkritikk for mangel på produktutvikling og nyskaping, og peika på at det er noko av årsak til at salsauke snudde til stagnasjon og tilbakegang. No skal trenden snuast.
- Vekst utan innovasjon, det har vist seg å vere vanskeleg. For Ekornes er målet å kome inn ein vekstfase att, seier Ekornes.

Ny målgruppe

I dag rullar Ekornes-konsernet ut eit rekkje nye modellar og kolleksjonar.
Det største grepet er lansering av ein heilt ny kolleksjon, retta mot ei meir designorientert kundegruppe som tradisjonelt ikkje har vore Ekorneskundar.
- Målet er å ta Stressless-merkevaren til ein ny distribusjon og til ei ny kundegruppe, seier Ekornes.
"Stressless You" som den nye kolleksjonar heiter, skil seg ut med stolbein i staden for sokkel og eit slankare preg enn Stressless sine tradisjonelle kvilestolar. Stolbeina er i alumium eller laminat, og ikkje sokkel som har vore Stressless-stolen sitt tradisjonelle understell.

Nye kanalar

"Stressless You" skil seg ut frå resten av Ekornes-møblane i slik grad at den skal seljast gjennom eigne kanalar.
Eksisterande Ekornesforhandlarar kan selje "Stressless You"-møblane i tillegg til Ekornes sine tradisjonelle produkt, men kolleksjonen opnar og for at Ekornes kan vinne innpass hos nye forhandlarar med denne kolleksjonen.
- "Stressless You" skal vere sterk nok til å stå åleine, seier Ekornes.
Ein møbelbutikk som vil ta inn denne kolleksjonen må ta heile "Stressless You"-pakka, og sette av plass til ein eigen paviljong på 50 kvadratmeter i butikken.
- Det er alt eller ingenting, seier Ekornes.

Gyngestol

Ekornes lanserer og nyvinningar for sine tradisjonelle Stressless-modellar.
Den største endringa på utsjånaden ligg i sokkelen, som kombinerer aluminum og laminat.
Både stolar og sofaer har fått gyngefunksjon. Ein mekanisme i understellet gjer at du kan vippe stolen eller sofaen (kvart sofasete for seg) fram og tilbake.
Stolane kan og leggast heilt flatt, og har fått ein meir regulerbar nakkestøtte.

Optimistisk

Ekornes sjølv har nettopp kome attende frå USA, der den fornyinga av den tradisjonelle kolleksjonen er lansert. Han er svært optimistisk, etter gode tilbakemeldingar frå butikkane.
- Det var "home run" og "best ever", seier Ekornes.
Hans erfaringar er i samsvar med kva Ekornes-leiinga tidlegare har sagt, at selskapet sine nyvinningar har fått gode tilbakemeldingar frå dei som har fått sett møblane før dei no blir lansert for forbrukarane.
Vekst utan innovasjon, det har vist seg å vere vanskeleg

Publisert: 20.10.2014 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38