Nytt
Her er det dyrast å bu i nordvest
Kommunerangering viser at det dyrast å bu i Molde og at kostnadene siste året har auka mest for stryningane. Men i år blir det billegare for alle.
Marius Rosbach
27.10.2020
I ei rangering av alle kommunane i Møre og Romsdal og Nordfjord viser at Molde er den dyraste kommunen å bu og eige bustad.
På plassane bak kjem Ålesund og Stryn kommune. Bustadeigarane i Stryn er samtidig dei som har fått mest auka i kostnadene frå 2018 til 2019, viser rapporten «Bokostnadsindeksen for norske husholdninger».
Snittkost for ein bustad på 120 kvadratmeter i Møre og Romsdal ligg på 96.338 kroner. I Molde er utgiftene rekna å vere kring ti tusen kroner høgare, medan dei i Fjord og Aure er åtte-ni tusen lågare.
Dei dyraste bustadene er i Oslo med ein snittkost på 165.266 kroner for 120 kvadratmeter. Det er lite skilnad mellom dei store byane. Billigaste kommune å bu i Norge, er Lavangen med 82.013 i årlege utgifter.
I 2020 reknar ein med at utgiftene vil synke med 12 prosent, grunna lågare kostnader til rente, energi og eigedomsskatt.
Dei vidare åra er det venta ein auka på to prosent i 2021, tre prosent i 2022 og seks prosent i 2023.
Rapporten er laga av Samfunnsøkonomisk Analyse på oppdrag frå .
Kjelde: Huseiernes bokostnadsindeks 2020. Tallene fra SSB, Nordpool, Norges Bank og NVE. Beregningene utført av Samfunnsøkonomisk analyse for Huseierne.
På plassane bak kjem Ålesund og Stryn kommune. Bustadeigarane i Stryn er samtidig dei som har fått mest auka i kostnadene frå 2018 til 2019, viser rapporten «Bokostnadsindeksen for norske husholdninger».
- Sjå rangering av kommunane under
Har blitt 10.000 dyrare i året
Rapporten viser at kostnadane med å eige og bu i gjennomsnitt auka med åtte prosent frå 2018 til 2019. I kroner og øre utgjer det knappe 10.000 kroner meir i året.Snittkost for ein bustad på 120 kvadratmeter i Møre og Romsdal ligg på 96.338 kroner. I Molde er utgiftene rekna å vere kring ti tusen kroner høgare, medan dei i Fjord og Aure er åtte-ni tusen lågare.
Dyrast i Oslo
Utrekningane inkluderer eigedomsskatt, kommunale gebyr, i tillegg til utgifter til energi, renter, forsikring og vedlikehald.Dei dyraste bustadene er i Oslo med ein snittkost på 165.266 kroner for 120 kvadratmeter. Det er lite skilnad mellom dei store byane. Billigaste kommune å bu i Norge, er Lavangen med 82.013 i årlege utgifter.
Billigare i år – før ny auke
Frå perioden 2010 til 2019 har det i snitt blitt 18 prosent dyrare med bustad i norske kommunar.I 2020 reknar ein med at utgiftene vil synke med 12 prosent, grunna lågare kostnader til rente, energi og eigedomsskatt.
Dei vidare åra er det venta ein auka på to prosent i 2021, tre prosent i 2022 og seks prosent i 2023.
Rapporten er laga av Samfunnsøkonomisk Analyse på oppdrag frå .
Sjå rangering av kommunane
- Molde 106 004 kr (5,0 %)
- Ålesund 105 991 kr (6,3 %)
- Stryn 104 310 kr (8,7 %)
- Kristiansund 103 874 kr (6,0 %)
- Kinn 103 767 kr (5,2 %)
- Stad 102 323 kr (7,1 %)
- Sula 101 026 kr (4,5 %)
- Giske 100 932 kr (5,1 %)
- Gjemnes 100 405 kr (2,7 %)
- Hustadvika 100 081 kr (4,2 %)
- Rauma 99 421 kr (7,3 %)
- Gloppen 99 180 kr (5,2 %)
- Averøy 98 983 kr (3,5 %)
- Volda 98 799 kr (7,2 %)
- Stranda 98 347 kr (3,8 %)
- Aukra 97 921 kr (8,4 %)
- Tingvoll 97 847 kr (4,7 %)
- Ulstein 95 721 kr (7,9 %)
- Hareid 95 670 kr (7,5 %)
- Vestnes 94 346 kr (5,9 %)
- Smøla 94 268 kr (5,1 %)
- Surnadal 93 363 kr (5,4 %)
- Ørsta 92 640 kr (4,6 %)
- Sande 91 910 kr (4,7 %)
- Sykkylven 91 238 kr (6,6 %)
- Herøy 91 178 kr (4,7 %)
- Sunndal 90 163 kr (4,9 %)
- Vanylven 89 110 kr (6,2 %)
- Fjord 87 799 kr (3,7 %)
- Aure 87 744 kr (6,1 %)
Kjelde: Huseiernes bokostnadsindeks 2020. Tallene fra SSB, Nordpool, Norges Bank og NVE. Beregningene utført av Samfunnsøkonomisk analyse for Huseierne.
Publisert: 27.10.2020 11:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04