Her hentar Støre budsjettpengane frå
Støre-regjeringa kuttar i fleire av hjartebarna til Solberg-regjeringa for å få råd til eigne valløfte.
NPK-NTB-Marie De Rosa: – Vi flyttar på 18 milliardar kroner totalt, og det er meir enn Solberg gjorde då ho tok over i 2013.
Det sa statsminister Jonas Gahr Støre til NTB då regjeringa hans måndag la fram forslaget sitt til endringar i budsjettforslaget til den borgarlege regjeringa for 2022.
6,6 milliardar i skattar og avgifter
Der har Støre-regjeringa rydda plass til milliardkutt i elavgifta og ferjeprisane, og sett av store summar til klima og kommunane.
Men den nye regjeringa vil ikkje bruke så mykje som ei oljekrone meir enn forgjengaren sin.
For å finansiere alle grepa sine, foreslår Støre-regjeringa samla sett å auke skattar og avgifter med 6,6 milliardar kroner i 2022 samanlikna med budsjettforslaget frå Solberg-regjeringa.
Isolert sett vil avgiftene kuttast med 2,2 milliardar kroner, hovudsakleg på grunn av det foreslåtte kuttet i elavgifta, skriv E24.
Skrotar fritidskort
I tillegg blir det gjort fleire små og store kutt ulike stader i budsjettet. Fleire av dei rammar prosjekt sett i gang av Solberg-regjeringa.
Mellom anna foreslår Støre-regjeringa å skrote eit av KrFs hjartebarn, fritidskortet, frå 1. juli neste år. Det vil gi ei innsparing på om lag 300 millionar kroner.
Det blir òg kutta i kapitalen til fornybarfondet Nysnø, som Venstre lenge har vore ein pådrivar for. Reduksjonen er på 400 millionar kroner, og 140 millionar er risikokapital.
Kuttar bistandsbudsjettet
Her er fleire av dei foreslåtte inndekkingane til regjeringa:
* Bistandsbudsjettet blir kutta med 750 millionar.
* Statsbyggs reguleringsfond blir redusert med 500 millionar.
* Tilskotet til Nasjonalmuseet blir kutta med 250 millionar kroner.
* Pensjonstilskotet til private barnehagar blir nedjustert til 10 prosent av lønnsutgiftene i kommunale barnehagar frå 1. januar 2022. Ifølgje regjeringa påverkar ikkje dette pensjonane til tilsette i private barnehagar, men gir like fullt ei innsparing på 168,9 millionar kroner.
* Løyvinga til mindre investeringstiltak på riksvegar blir redusert med 270 millionar.
* Kutt i statlege verksemders konsulentbruk på 40 millionar kroner.
* Reduserte utgifter til bygging av Stad Skipstunnel på 365 millionar kroner som følgje av utsett byggjestart.
Publisert: 09.11.2021 14:41
Sist oppdatert: 09.11.2021 15:50