- Ja, det ser veldig bra ut i år. Ordreinngangen er rekordstor og vi har allereie passert budsjettmåla vi sette.
Det seier dagleg leiar Kjell Atle Gjøringbø ved Ulsteinvik-bedrifta.
I fjor omsette selskapet for 74 millionar kroner, og for første gong i historia gjekk drifta i minus.
- Vi merka også problema som verfta rundt oss hadde. I tillegg fekk vi kansellert nokre viktige kontraktar.
Ordreinngangen er allereie oppe i 86 millionar kroner, og ein styrer mot ei årsomsetning på rundt 120 millionar kroner. Det er 50 millionar opp frå i fjor.
- No er det absolutt kjekt å vere på jobb, men vi treng meir plass, og vi treng meir folk, seier Gjøringbø.
Han opplyser at det i dag er rundt 45 tilsette, fem fleire enn ved årsskiftet.
- Men vi treng minst like mange til, spesielt innanfor service.
- Dette er ei viktig satsing for oss, og vi har vore med å utdanne fleire ingeniørar. No ser vi at fleire søkjer seg tilbake til oss etter endt utdanning. Det er svært gledeleg, seier Gjøringbø.
Bedrifta er store innanfor leveransar av hydraulisk utstyr, men har eit stort spenn av produkt.
Mellom anna gjeld det leveransar av komplette hydraulikksystem med aggregat, sylindrar, ventilblokker og alt innen automasjon og software, samt maritimt utstyr som viskarsystem og kjølarar.
Men bedrifta tek også på seg større spesialoppdrag.
- Vi har mykje spennande på gang, seier Sundgot.
- Dette er autonome bilar, der det ikkje trengst nokon førar til å køyre bilen eller operere bilen.
- Vi får ramma hit, og tek oss av resten av arbeidet, seier Sundgot.
Han opplyser at bedrifta skal delta på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim neste veke, og på den store oljemessa ONS i Stavanger siste veka i august.
- Vi håper at vi skal lande endå fleire kontraktar under desse messene, seier han.
består av Servi Ulsteinvik, Servi i Ski, Kongsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Rissa.
Servi Hydraulik held til i Gøteborg.
Johan H. Andresen og familien eig 70 prosent i Ulstein-selskapet gjennom investeringselskapet Ferd. Resten av aksjane er likt fordelte mellom Joar Sundgot, Kurt Sindre Gjerdsbakk og Kjell Atle Gjøringbø.
Det seier dagleg leiar Kjell Atle Gjøringbø ved Ulsteinvik-bedrifta.
I fjor omsette selskapet for 74 millionar kroner, og for første gong i historia gjekk drifta i minus.
- Vi merka også problema som verfta rundt oss hadde. I tillegg fekk vi kansellert nokre viktige kontraktar.
Omsetningshopp på 50 millionar
Men i år har det derimot vore jamn tilstrøyming av nye kontraktar.Ordreinngangen er allereie oppe i 86 millionar kroner, og ein styrer mot ei årsomsetning på rundt 120 millionar kroner. Det er 50 millionar opp frå i fjor.
- No er det absolutt kjekt å vere på jobb, men vi treng meir plass, og vi treng meir folk, seier Gjøringbø.
Han opplyser at det i dag er rundt 45 tilsette, fem fleire enn ved årsskiftet.
- Men vi treng minst like mange til, spesielt innanfor service.
Lærebedrift
Ulsteinvik-bedrifta er godkjend opplæringsbedrift innanfor automasjon, elektro og hydraulikk. I tillegg til lærlingar har ein TAF-elevar.- Dette er ei viktig satsing for oss, og vi har vore med å utdanne fleire ingeniørar. No ser vi at fleire søkjer seg tilbake til oss etter endt utdanning. Det er svært gledeleg, seier Gjøringbø.
Bedrifta er store innanfor leveransar av hydraulisk utstyr, men har eit stort spenn av produkt.
- Mykje spennande
Salssjef Joar Sundgot seier at det har vore spesielt stor auke i ordrar frå fiskeri- og havbruksnæringa.Mellom anna gjeld det leveransar av komplette hydraulikksystem med aggregat, sylindrar, ventilblokker og alt innen automasjon og software, samt maritimt utstyr som viskarsystem og kjølarar.
Men bedrifta tek også på seg større spesialoppdrag.
- Vi har mykje spennande på gang, seier Sundgot.
Autonome bilar
I produksjonslokala er ein blant anna no i full sving med å installere utstyr på den fjerde pelebilen til Heggset Engineering/Arvid Gjerde, norges største aktør på rekkverk.- Dette er autonome bilar, der det ikkje trengst nokon førar til å køyre bilen eller operere bilen.
- Vi får ramma hit, og tek oss av resten av arbeidet, seier Sundgot.
Han opplyser at bedrifta skal delta på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim neste veke, og på den store oljemessa ONS i Stavanger siste veka i august.
- Vi håper at vi skal lande endå fleire kontraktar under desse messene, seier han.
Ferd er hovudaksjonær
Servi Ulsteinvik er eit eige AS med lokalisert i Ulsteinvik og Valderøy.består av Servi Ulsteinvik, Servi i Ski, Kongsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Rissa.
Servi Hydraulik held til i Gøteborg.
Johan H. Andresen og familien eig 70 prosent i Ulstein-selskapet gjennom investeringselskapet Ferd. Resten av aksjane er likt fordelte mellom Joar Sundgot, Kurt Sindre Gjerdsbakk og Kjell Atle Gjøringbø.
Publisert: 17.08.2018 09:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25






