Hexagon-avtale til 718 millionar
Skal levere tankar og system til naturgassleverandør.
Hexagon Composites sitt datterselskap Hexagon Agility skal levere store flyttbare tankar for naturgass til det amerikanske selskapet Certarus.
Avtalen går over fleire år og dei første tankane blir levert i andre kvartal i år. Til saman er det snakk om oppdrag for 156 millionar kroner i første omgang.
Til saman kan avtalen gi Hexagon Composites oppdrag for 718 millionar kroner.
Hexagon Compositets lagar tankar og system for naturgass som energikjelde, både i små og store køyretøy, og til hushaldningar, industri-, gruve- og oljeutvinningsanlegg. Hexagon Purus gjer det tilsvarande for bruk av hydrogen.
Hydrogen-kontrakt
Avtalen med Certerus omfattar også tankar for transport av hydrogen. Det er Hexagon Purus som skal levere tankane, og den første del av avtalen gjeld tankar for omlag 27 millionar kroner. Tankane skal leverast i andre halvår i år.
Hexagon Purus blei skilt ut av Hexagon Composites og børsnoterte som eige selskap i fjor, men Hexagon Composites eig framleis 75 prosent av aksjane i selskapet.
Opp og ned
Då børsen stengte i går ettermiddag var Hexagon Purus verdsett til 10,5 milliardar kroner. Aksjekursen var 45,66 kroner. Ved børsnotering i desember i fjor var kursen 40 kroner og i mellom tida har den vore oppe i 82,10 kroner per aksje.
Hexagon Composites var verdsett til 10 milliardar kroner, med ein aksjekurs på 49,56 kroner per aksje.
Då verdien av Hexagon Purus steig gjekk også verdien av Hexagon Composites opp. Toppen var i januar, med 72,60 kroner per aksje.
Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund, men med storparten av produksjonen i utlandet. Flakk-familien er stor aksjonær og Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites.
Publisert: 16.03.2021 08:23
Sist oppdatert: 14.05.2021 08:33