Børs montasje februar 2021 ny nettside 11
PÅ BØRS: Frå venstre; Christian Pritchard markerer at teleselskapet Nortel blir børsnotert, Hofseth Biocare-sjef Roger Hofseth, Hexagon Composites og Hexagon Purus-storaksjonær Knut Flakk, Arctic Bioscience-sjef Ole Arne Eiksund, supply-, reiseliv-, ferje-, miljøteknologi-aksjonær Per Sævik og tidlegare storaksjonær Sverre A. Farstad i Farstad-reiarlaget.
Nytt

Sju år som snudde Nordvestlandet opp ned

Sett frå Oslo Børs er Nordfjord og Sunnmøre dramatisk endra på sju år.

24.02.2021

Då NETT NO starta i slutten av 2013 var det selskap knytt til oljebransjen, offshorereiarlag og verft som bygde offshorefartøy, som dominerte blant børsnoterte selskap på Nordvestlandet. No betyr oljebransjen nesten ingenting, sett frå Oslo Børs.

Nyttårsaftan 2013 var offshorereiarlaga Farstad og Rem Offshore verdsett til høvesvis 5,1 og 1,2 milliardar kroner. Havila Shipping var prisa like under milliarden.

(sjå liste under for børsverdiane i nordvest no og i 2013)

Dei to første vart slukt inn i Solstad Offshore - som tidlegare i år vart prisa til praktisk talt null før ein kriseemisjon - og Havila Shipping er verdsett til 71 millionar.

Det er med andre ord lite verdiar att i det som for sju år sidan utgjorde nesten 30 prosent av verdien av dei børsnoterte selskapa med adresse på Nordvestlandet.

Ved utløpet av 2013 var den samla verdien av børsselskapa i vår region omlag 25 milliardar kroner, når også Vard er rekna med. Vard var den gangen børsnotert i Singapore, men hovudkontoret og fire verft låg på Sunnmøre og i Romsdal.

I løpet av 2014 vart også Havyard børsnotert, og vart verdsett til over 800 millionar på første børsdag. Akkurat som for Vard var det bygging av offshoreskip som var den viktigaste marknaden for Havyard.

Både reiarlaga og verfta var ein del av oljebransjen ved årsskiftet 2013/2014. Til saman utgjorde dei då litt over halvparten av verdien til dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.

Olje er ute
Den samla verdien av dei børsnoterte aksjeselskapa med adresse på Nordvestlandet er 49 milliardar kroner (ved børsslutt tysdag 23. februar).

Verfta byggjer ikkje offshorefarty til oljebransjen lenger og børsverdien av dei to offshorereiarlaga på Nordvestlandet som er børsnotert på Nordvestlandet er 129 millionar kroner.

Oljebransjen er ikkje lenger viktig på Nordvestlandet - om Oslo Børs er einaste utkikkspunkt.

(saka held fram under)

Farland dåp skansekaia foto marius 11
EINASTE OFFSHORESKIPET: Verdien på offshorereiarlaga på Nordvestlandet er berre ein brøkdel av kva dei var. Farland er no det einaste skipet til Sverre Farstad & Co..

Verdiar ut av børsen
Tyngdepunktet ville ha vore enda lenger vekk frå oljebransjen om møbelprodusenten Ekornes, fiskebåtreiarlaget Havfisk og brønnbåtreiarlaget Sølvtrans framleis hadde vore børsnoterte selskap.

Alle desse ville truleg vore verdt meir på børsen i dag enn i starten av 2014, på grunn av ei positiv utvikling.

(sjå liste under for børsverdiane i nordvest no og i 2013)

I år er Ekornes omsider i ferd med å få vekst, ikkje berre lønsemd. Ekornes fekk kinesisk eigar i 2018, aksjonærane fekk 5,1 milliardar kroner og selskapet vart tatt av børs.

Havfisk har hatt fleire rekordår etter at det vart kjøpt av Lerøy Seafood Group og tatt av børs. Handelen i 2016 verdsette Havfisk (no Lerøy Havfisk) og søsterselskapet Norway Seafoods (som driv fiskeindustrianlegg) til 3,2 milliardar kroner.

Rekordår har også Sølvtrans hatt etter at eit privat investeringsfond vart største eigar og selskapet tatt av børs i 2014. Kjøpet verdsette Sølvtrans til 598 millionar kroner.

Hadde Norsk Sjømat Holding i tillegg lukkast med å samle Nergård-konsernet under sin paraply kunne Nordvestlandet i dag også hatt eit børsnotert sjømatselskap - og ytterlegare skubba tyngdepunktet vekk frå oljebransjen.

Hydrogen er inne
Det som for alvor har endra balansen er Hexagon Composites, der Flakk-familien i Ålesund er stor aksjonær og Knut Flakk er styreleiar.

Hexagon Composites-aksjonærane hadde hatt eit knallår på børsen i 2013 og aksjane vart mangledobla i verdi, til 4,3 milliardar kroner. Berre Farstad Shipping var meir verdt.

Hexagon Composites sto for 21 prosent av dei samla børsverdiane den gongen.

(sjå liste under for børsverdiane i nordvest no og i 2013)

I dag er selskapet verdsett til 12 milliardar kroner.

Det som har drive verdien av Hexagon Composites oppover det siste året er forventningane til resultat frå satsinga på drivstofftankar og system for å kunne bruke hydrogen som drivstoff i båt, tog og bilar.

Den verksemda er skilt ut i datterselskapet Hydrogen Purus, som blei tatt opp til notering på Oslo Børs 14. desember 2020. Hexagon Purus er verdsett til 11,8 milliardar kroner. Trass i at Hexagon Purus tidleg i januar vart verdsett til over 18 milliardar kroner er dagens verdi framleis omlag den doble av verdien før børsnotering.

Til saman utgjer verdien av Hexagon Purus og Hexagon Composites nesten halvparten av den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i dag. Dei to selskapa er tilsaman også nesten verdt like mykje som alle børsnoterte selskap på Nordvestlandet var i slutten av 2013.

Etter delinga er Hexagon Composites eit selskap som lagar drivstofftankar og system for bruk av naturgass, frå store mobile forsyningstankar, via lastebilar og bussar, til små gassgrillbehaldarar.

Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus etter børsnotering, slik at hydrogen-effekten for Hexagon Composites framleis er stor.

Hydrogen kan vere ei utsleppsfri energikjelde om den blir produsert ved hydrolyse av vatn, med straum frå vatn- eller vindkraftverk, ein ide som no har vore svært populær på børsen.

(saka held fram under)

Knut flakk energy observer 11
OPPTUR: Hexagon Composites der Knut Flakk er storeigar og styreleiar, er verdsett til 12 milliardar kroner - tre gongar meir enn ved slutten av 2013.


Oppdrettselskap frå Nordvestlandet

Ikkje sidan Pan Fish vart slukt av Marine Harvest (no Mowi) har Nordvestlandet hatt eit børsnotert oppdrettselskap. No er her to.

I 2018 blei Atlantic Sapphire børsnotert. Selskapet har adresse Vestnes og oppdrettsanlegg på land i Danmark og under bygging på land i USA. Atlantic Sapphire er verdsett til 11,5 milliardar.

Med Salmon Evolution, som byggjer eit oppdrettsanlegg på land i Hustadvika kommune, har Nordvestlandet også fått eit børsnotert oppdrettsselskap med både adresse og anlegg her. Selskapet blei børsnotert i september 2020 og er verdsett til 1,5 milliardar kroner.

Milliardverdi utan overskot
Hofseth Biocare er det beste dømet på at det er forventningar til framtida som avgjer kursen i eit børsnotert selskap, ikkje historiske resultat.

Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri til olje-, kalsium- og proteinbaserte produkt - og har gått med tilsaman 660 millionar kroner i minus dei ti siste åra.

No er det verdsett til 2,9 milliardar kroner, etter å ha blitt over tre gongar meir verdt sidan sommaren 2019.

(sjå liste under for børsverdiane i nordvest no og i 2013)

Det som utløyste kursstigninga var ein intensjonsavtale med Nestlé-selskapet Garden of Life om distribusjon av helsekostprodukt i USA der Hofseth Biocare-produkt er ein viktig ingrediens. Det som har halde kursen oppe etterpå er meldinga om at selskap får bruke helseargument i marknadsføring av produkt både i USA og Canada, og også arbeider med testing av produkt for å dokumentere at dei kan brukast som legemiddel.

(saka held fram under)

Roger hofseth Foto Tony Hall
TOLMODIG: – Det er ikkje unormalt ute i verda å bruke ti år på å bygge opp noko som har stort potensiale, sa Roger Hofseth i eit intervju med NETT.NO-magasinet i fjor.

Nykomarar med medisin og miljø
I slutten av februar og tidleg i mars får Nordvestlandet ytterlegare to børsnoterte selskap, Hav Group og Arctic Bioscience.

Hav Group er sett saman av fire datterselskap i Havyard Group, samla under ein paraply og skilt ut som eige selskap. Stikkord er miljø og klima, og i kapitalutvidinga førre veke vart selskapet verdsett til 630 millionar kroner.

Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff om bord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.

Arctic Bioscience har utvikla ein medisin basert på silderogn, mot hudsjukdomen psoriasis. Den skal gjennom ein ny, stor og internasjonale studie, for å få godkjenning som legemiddel.

Denne veka fekk selskapet inn 345 millionar kroner i ny eigenkapital, ein emisjon som verdsette selskapet til 735 millionar kroner. Planen er at selskapet blir børsnotert 28. februar.

(sjå liste under for børsverdiane i nordvest no og i 2013)

Ole arne eiksund karita bekkemellom foto ogne 11
ØRSTA: Administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddelforeningen på besøk hos Arctic Bioscience og dagleg leiar Ole Arne Eiksund i Ørsta.
Børsnoterte selskap på Nordvestlandet
Marknadsverdi i mill. kroner

Verdi pr. 23. februar 2021 og ved utløpet av 2013

20212013
Hexagon Purus11785
Hexagon Composites119584035
Atlantic Sapphire11461
Fjord 14340
Hofseth Biocare2941379
Sparebanken Møre29661957
Salmon Evolution1450
Havyard Group*585825
Arctic Bioscience**798
Hav Group**630
Nortel324
Havila Shipping71980
Golden Energy Offshore Services58
Vard5800
Farstad5187
Ekornes3800
Rem Maritime1219
Havfisk998
Sølvtrans428
Domstein

62

SUM

51638

25670
* Havyard Group blei børsnotert våren 2014

**Arctic Bioscience og Hav Group blir tatt opp til notering om kort tid. Oppgitt verdi baserer seg på aksjekurs ved kapitalinnhenting før børsnotering.


Publisert: 24.02.2021 05:51

Sist oppdatert: 19.05.2021 22:49