Schramm har 15 års internasjonal erfaring leverandørindustrien til bilprodusentane skriv Hexagon Composites i ei børsmelding. Han kjem til Hexagon Compositets frå jobben som leiar for det famileeigde tyske bildel-selskapet Brose, der han byrja i 2020 og vart både administrerande direktør og finansdirektør i 2023.
Borse har omlag 32.000 tilsette fordelt på 24 land og har ein årleg driftsinntket rundt åtte milliardar euro, omlag 93 milliardar kroner etter dagens kurs.
Styreleiar Knut Flakk seier Schramm har erfaring frå og forstår alle delar dei viktigaste marknadane Hexagon Composites er i.
"Vi er begeistera over å ønskje Philipp velkomen til Hexagon. Den fenomenale karriera hans talar for seg sjølv. Philipp har ei brei bransjeerfaring, ei dokumentert sukssesrik merittliste og ein verdi- og menneskefokusert tankegang, seier Flakk i børsmeldinga.
Flakk og familien eig knappe 11 prosent av aksjane i Hexagon Composites og er nest største aksjonær. Selskapet er børsnotert og har var verdsett til 9,1 milliardar kroner då børshandelen stenget i går.
Engeset varsla avgang
Hexagon Composites sende i april i år ut melding om at selskapet starta jakta på ein ny toppsjef, etter at Jon Erik Engeset varsla at han ville gå av.
– Eg har behov for å prioritere familien framover. Eg vil vere med selskapet vidare i ei rådgivarrolle, men kanskje ikkje på fulltid, sa Engeset til Nett No i april i år.
Engeset skulle halde fra som toppsjef inntil selskapet hadde funne ein erstattar.
Engeset har vore sjef for Hexagon Composites i 11 år. I 2013 hadde Hexagon Composites 1,3 milliard kroner i inntekter, i 2023 var dei på 5,3 milliardar.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus, der Hexagon Composites eig 38 prosent av aksjane, lagar tilsvarande for hydrogen. Hexagon Purus vart skilt ut som eit eige selskap og børsnotert i Engeset si sjefsperiode.
Schramm byrjar i jobben 7. januar 2025.
Publisert: 03.12.2024 07:41
Sist oppdatert: 03.12.2024 10:54