Hexagon Composites i Ålesund lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, mellom anna i lastebiler.
Produksjonen skjer i selskapet sitt amerikanske datterselskap, Hexagon Agility, og Hexagon Composites har nyleg rapporten om aukande sal og etterspørsel.
No har Hexagon Agility kjøpt selskapet Speciality Fleet Services, eit selskap i California som spesialiserer seg på vedlikehald og inspeksjon.
Kjøpet er ein del av Hexagon Agility si satsing på ettermarknaden for gassdrivne bilar, ifølgje ei børsmelding.
Poenget med kjøpet er både å bygge ut tilbodet til eksisterande kundar, og tilby ein service som gjer det meir freistande for nye kundar å skifte frå dieseldrivne til gassdrivne lastebilar,
Per i dag er det 175.000 gassdrivne lastebilar i USA, ifølgje meldinga.
I mai i år var aksjane i Hexagon Composites handla til under 17 kroner aksjen. Deretter har det stort sett gått oppover.
7. november nådde kursen sitt høgste nivå for året, 48,55 kroner aksjen.
Ved 11-tida i dag, måndag, var kursen 46,95 kroner aksjen, som verdset selskapet til 9,9 milliardar kroner.
Publisert: 11.11.2024 11:12
Sist oppdatert: 11.11.2024 12:42