Etter salet av sitt norske datterselskap Hexagon Ragasco i andre kvartal er det Hexagon Composites sitt amerikanske datterselskap Hexagon Agility det først og fremst handlar om for Hexagon Composites.
Hexagon Agility lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energkjelde. Selskapet lagar mellom anna store mobile tankar som blir brukt på anlegg og i industrbedrifter der det ikkje finnes eit gassrøyrleidningnett og på lastebilar og bussar.
Det er marknaden for store lastebilar som har fått eit oppsving og gir overskot i tredje kvartal, ifølgje kvartalsrapporten. (sjå tabell under)
Ventar godt 4. kvartal
Det er oppdrag knytt til rammeavtalar som er inngått i med logistikkselskapet UPS i 2019 som har slått inn i år. og somn gir godt med arbeid og inntekt også i fjerde kvartal.
Hexagon Composites melder at selskapet og har ei "sunn ordebok" frå andre kundar i lastebilmarknaden.
Gevinst
Hexagon Ragasco på Raufoss lagar små berbare gassbehaldarar som nordmenn flest kjenner frå brukt til gassgrillar.
Salet av Hexagon Ragasco i 2. kvartal i år gav Hexagon Composites eit gevinst på 676 millionar kroner.
Selskapet vart seld til Worthington Enterprises. Som ein del av handelen kjøpte Hexagon Purus 49 prosent av aksjane i Worthington Enterprises sitt selskap Worthington Cylinders Austria, som også lagar gassbehaldarar og -system. Wortington Enterprises skal eige 49 prosent medan leiinga for verksemda skal eige resten.
Hexagon Composites er også største eigar i Hexagon Purus, som vart skilt ut og børsnotert i 2020. Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.
Hexagon Composites ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 3344,2 | 3254,1 |
Driftsresultat | 190,2 | 104,9 |
Resultat før skatt | -216,4 | -210,8 |
Hexagon Composites ASA | ||
3. kvartal. I Mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1250,1 | 1147,9 |
Driftsresultat | 113,4 | 66,4 |
Resultat før skatt | 56,1 | -162,1 |
Tala er frårekna datterselskapet Hexagon Ragasco, som vart seld i 1. halvår. Medrekna salsgevinsten er resultetet før skatt hittil i 2024 479 millionar kroner. |
Publisert: 07.11.2024 09:22
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:31