Morten holum børsnotering 11
PENGANE PÅ PLASS: Hexagon Purus-sejf Morten Holum ved markeringa av børsnoteringa av selskapet. I dag hentar selskapet kapital i obligasjonsmarknaden.
Nytt

Hexagon Purus fekk milliardlånet

Vart overteikna fleire gangar.

20.12.2023

Milliarden Hexagon Purus var på jakt etter i obligasjonsmarknaden var på plass etter seks timar. Meldinga om at selskapet ville hente pengar ved å ta opp eit obligasjonslån for å finansiere vidare vekst vart sendt ut etter at børsen stenger i dag.

Då hadde Hexagon Purus allereie garantiar om at 850 millionar kroner av lånet allereie ville kome på plass.

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i mellom anna skip, lastebilar og tog.

Selskapet har auka driftsinntektene med over 60 prosent i årets ni første månadar saman med tilsvarande periode i fjor og selskapet sin ordrereserve ved utløpet av november i år er 1,3 milliardar kroner.

Lånet er eit konvertibelt obligasjonslån med 10 prosent rente, som skal innfris etter fem år.

At lånet er konvertibelt betyr at det kan gjerast om til aksjar. Kursen ved ei eventuell omgjering er sett til 12,61 kroner aksjen. I dag var kursen i Hexagon Purus 10,46 kroner aksjen.

I tillegg til Hexagon Composites er også japanske Mitsui & Co med og tek halve obligasjonslånet - 500 millionar kroner. Mitsui er medeigar både i Hexagon Composites og Hexagon Purus. Fondsforvaltar Hy24, som har spesialisert seg hydrogenselskap-investeringar går inn med 150 millionar.

Publisert: 20.12.2023 23:08

Sist oppdatert: 20.12.2023 23:08