Morten Holum foto Oslo Børs skjermdump
NYTT SELSKAP: Hexagon Purus-sjef Morten Holum ser etter folk med maritim erfaring og/eller kunnskap om hydrogen. Foto: Skjermdump frå Olso Børs.
Nytt

Hexagon Purus med maritim satsing

Rekrutterer til nytt datterselskap.

28.06.2021

Hexagon Purus har skipa selskapet Hexagon Purus Maritime for å få fortgang i utviklinga av bruk av hydrogen som drivstoff på skip.

Selskapet ser etter folk med erfaring både frå maritime bedrifter og frå hydrogenbransjen, og skal i første omgang satse på den norske marknaden, ifølgje ei pressemelding.

Les børsmelding her

Politiske vedtak
Det er to politiske vedtak/signal som medverkar til etablering av det nye selskapet:

1. At regjeringa seier den mellom anna vil etablere såkalla hydrogenknutepunkt, der det blir lagt til rette for at kollektivtrafikk, båtruter, ferjer og industri som brukar hydrogen, som ein del av ei større satsing på meir bruk av hydrogen som drivstoff

2. At verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026 er medverkande til satsinga på den maritime marknaden.

Begge deler kan føre til eit stort løft for bruk hydrogen som drivstoff, ifølgje børsmelding.

Hydrogensatsing
Hexagon Purus blei børsnotert i fjor, etter at det blei skilt ut frå børsnoterte Hexagon Composites. Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund og Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Flakk-familien er stor aksjonær i Hexagon Composites og Knut Flakk er styreleiar.

Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for naturgass - frå små gassgrillbehaldarar, via drivstofftankar til lastebilar til store flyttbare drivstofftankar, lagar Hexagon Composites tankar for hydrogen, som mellom anna kan brukast på skip, slik det nye datterselskapet skal arbeid med.

Hydrogen kan utvinnast ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen ved å køyre straum gjennom (elektrolyse). I ei såkalla brenselcelle blir prosessen reversert og energien som blir frigjort blir brukt til å lage straum, som kan drive skipet framover. Utsleppa frå denne prosessen er vatn.

Er straumen som blir bruk laga av vasskraft eller vindkraft blir hydrogen eit utsleppsfritt drivstoff. Hydrogen kan og lagast av naturgass, ein prosess som slepper ut CO2.

Publisert: 28.06.2021 08:31

Sist oppdatert: 28.06.2021 08:31

Mer om